Aktivitet 2.2.9 – Stengerutiner

Fordjuping

Høyr med vaktmeisteren på skolen din om dei rutinane han eller ho har på slutten av dagen for å sjekke at alt er i orden. Er det også tilsvarande rutinar når skolen skal opnast om morgonen? Andre rutinar? Gjer nøyaktig greie for det du finn ut, og set det saman til ein presentasjon. Alternativt kan denne oppgåva gjerast på den måten at vaktmeisteren eller ein person som utfører vaktmeisteroppgåver, kjem til klassen for å informere om desse rutinane.