Aktivitet 3.4.6 – Lover

Fordjuping

Finn fram i arbeidsmiljølova, likestillingslova og personopplysningslova.

Svar på spørsmåla. For kvart svar skal du vise til lova og paragrafen (§) som gav deg svaret.

  1. Når ei verksemd søkjer etter ein ny medarbeidar, lagar ho ofte ein annonse, og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju før tilsetjing.
    1. Finn ut kva dei ulike lovene seier om kva du ikkje kan skrive i ein annonse.
    2. Finn ut kva du ikkje kan spørje om i eit intervju.
    3. Finn ut kva du ikkje kan registrere i eit personalregister.
    4. Har alle arbeidstakarar krav på skriftleg arbeidsavtale? Og kva skal ein arbeidsavtale innehalde?
  2. Dersom du har komme på andre tankar og ønskjer å skifte jobb, kor lang oppseiingsfrist har du?
    1. Dersom du har jobba i eitt år?
    2. Dersom du har jobba der samanhengande i over fem år?
  3. Dersom du har fått ein ny jobb og vil starte så fort råd er. Kva reglar gjeld da?
  4. Må oppseiinga vere skriftleg?
  5. Etter at de har tilsett ein ny kontormedarbeidar i dømebedriftene, vil de gi vedkommande ei prøvetid. Kor lang oppseiingstid har ein i prøvetida?

Bruk Lovdata.no og søk i desse lovene og paragrafane:
Arbeidsmiljøloven § 13.4, likestillingsloven § 18, personopplysningsloven § 2, diskrimineringsloven § 15.