Fordjuping
Anne-Berit har ikkje nokon fast jobb ved sida av skolen, men tek gjerne barnepass og litt førefallande arbeid heime. Ho har ein ustabil økonomi. Ho vil derfor føre rekneskap for å få betre oversikt over kva ho bruker pengane sine til.
Bruk konto for bankinnskot og registrer desse vedlegga for november:
| Vedlegg nr. | Dato | Tekst | Beløp |
|---|---|---|---|
| 1 | 2.11. | lønn for barnepass | 500 |
| 2 | 3.11. | mat i kantina på skolen | 35 |
| 3 | 9.11. | lommepengar heime for utført husarbeid | 400 |
| 4 | 9.11. | kinobillett | 120 |
| 5 | 9.11. | smågodt | 110 |
| 6 | 12.11. | stipend | 900 |
| 7 | 17.11. | mobilabonnement | 645 |
| 8 | 21.11. | smågodt og mat i kantina | 150 |
| 9 | 25.11. | diskokveld | 450 |