Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 6 Handlemønster og medievanar

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for korleis utviklinga i handlemønster og medievanar hos forbrukarar og verksemder påverkar sal og marknadsføring.

Det finst mange måtar å handle på. Vi kan handle på nettet eller i ein butikk, vi kan handle i kiosken på veg heim eller kvar laurdag på eit kjøpesenter. Vi kallar det ulike handlemønster.

Vi spør:

  • Kven handlar?
  • Kva handlar dei?
  • Kor handlar dei?
  • Korleis handlar dei?
  • Kor ofte handlar dei?

Det er viktig for ei bedrift å vite korleis folk handlar, for vi må tilpasse marknadsføringa etter handlemønstra. I dag er til dømes internett viktig for handelen. Vi veit òg at eldre menneske har andre handlemønster enn yngre.

Mange bedrifter går saman i kjeder. Til dømes er mange daglegvarebutikkar medlem av Joker-kjeda. Det kallar vi horisontalt samarbeid. Men samarbeidet kan òg vere vertikalt. Det betyr at det er samarbeid mellom fabrikk, lager og butikk (produsent, grossist og detaljst). Eit døme på det er Coop, som både produserer sine eigne merkevarer, distribuerer dei og sel dei til forbrukarane.

Det kan vere vanskeleg for frittståande bedrifter å konkurrere med kjedene. Kjedene har ofte stort utval og låge prisar. Men nokre bedrifter marknadsfører seg med kvalitet framfor pris, til dømes innanfor økologisk mat. Vi kan òg satse på spesielle produkt som ikkje kjedene har.

Det er viktig at produkta våre er tilgjengelege når kunden ønsker å kjøpe dei. Netthandelen gir nye moglegheiter for tilgjengelegheit. Kunden kan handle når han vil, heime i si eiga stove, og han kan handle over heile verda. Derfor satsar stadig fleire bedrifter på netthandel i tillegg til fysisk butikk.

Når vi skal marknadsføre produkta våre, må vi òg kjenne medievanane til folk. Før var papiraviser og tv viktig, no overtek internett meir og meir. Mange bedrifter kjøper annonseplass i nettaviser eller andre digitale kanalar. Men vi kan òg opprette eigen blogg og bruke sosiale medium i marknadsføringa.

Berbare medium, særleg mobil, blir stadig viktigare for handlemønsteret. Derfor bør vi ha nettsider som fungerer godt på mobil (responsivt design) og betalingsløysing for mobil. Nettet påverkar òg korleis vi handlar i fysiske butikkar. Mange sjekkar pris og produktomtalar mens dei står i butikken. Dette kallar vi internettpåverka fysisk handel.