Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 8 Vareflyt

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere vareflyt frå innkjøp til gjenvinning.

Vareflyt er kretsløpet til ei vare frå produksjon til gjenvinning. Vi kan ta eit kjøleskap: det består av metall og plast som kjem frå råvareprodusentar. Så blir det laga hos ein ferdigvareprodusent, før det blir distribuert via grossist og detaljist til forbrukaren. Etter nokre år går det sund, og forbrukaren leverer det til gjenvinning. Så kan plasten og metallet brukast om igjen til nye kjøleskap eller andre varer.

Figuren nedanfor viser vareflyt frå produsentar til gjenvinning.

ST 8_1 Vareflyt.jpg

Logistikk går ut på å styre flyten av varer. Ein må planlegge kor mykje som skal kjøpast inn, korleis det skal lagrast og korleis det skal transporterast vidare. Dei som jobbar på varelager og godsterminalar, kallar vi logistikkoperatørar.

Effektiv logistikk vil seie å organisere vareflyten slik at kunden blir nøgd, og slik at bedrifta får størst mogleg overskot. Datastyring spelar ei viktig rolle både hos grossist (lagerbedrift) og detaljist (butikk).

Hos grossistar er det plukklager der ein hentar varene som er bestilt. Plukkinga skjer på forskjellige måtar ettersom varene har kort eller lang haldbarheitstid, eller kor fort dei går ut og inn på lager. Med dataprogram held ein oversikt over behaldninga og registrerer ordrar og fakturaer. Nokre lager har òg automatiserte plukksystem.

Hos detaljistar blir varene skanna i kassa, slik at ein kan registrere varestraumen som går ut.

Avfall frå varene er eit stort problem i samfunnet. Både bedrifter og kommunar jobbar med kjeldesortering og gjenvinning, slik at skadane på miljøet blir minst mogleg.

I kjeldesorteringa sorterer vi både emballasjeavfall og produktavfall. Emballasje er innpakning, til dømes papir, plast eller glas. Dei forskjellige typane avfall blir sendt til spesialfabrikkar der dei kan gjenvinnast.

Materialgjenvinning vil seie å bruke materialet på nytt, slik som plasten og metallet frå kjøleskapet. Energigjenvinning betyr at avfallet blir brent og varmen brukt til å produsere energi.

Deponering er lagring av avfallet, til dømes deponering av batteri og anna farleg avfall. Målet er at mest mogleg skal gjenvinnast, og minst mogleg deponerast.

Forureiningslova seier at den som forureinar, skal betale. Ei bedrift som slepper ut farlege stoff eller ikkje handterer avfall på ein forsvarleg måte, kan få bøter.

Myndigheitene har òg bestemt at butikkane har plikt til å ta imot spesielle produkt, slik som kvitevarer, elektriske artiklar og bilbatteri. Det vil seie at vi kan levere slike produkt i butikken, som sender det til gjenvinning.

Panteordningar skal stimulere til innsamling og gjenvinning. Vi får pant på flasker, og vi får pant på bilar som blir levert til opphogging.

For å sikre ei forsvarleg avfallsbehandling følger vi prinsippa i avfallshierarkiet:

ST 8_2 Avfallshierarkiet.jpg