Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 3 Risikovurdering

Kompetansemål: Du skal kunne gjere ei risikovurdering og føreslå tiltak for å førebygge uønskte hendingar i ei verksemd.

Risikovurdering er ein systematisk metode for å komme fram til eit risikonivå for ein verdi. Vi risikovurderer éin verdi om gangen. Risikovurderinga er ein del av sikkerheitsprosjekteringa. På fagnettstaden finn du skjema for dette.

Sikkerheitsprosjektering er ein metode for sikkerheitsarbeidet i ei verksemd. Ho føregår i fire fasar:

ST 3_1 Sikkerheitsprosjektering.jpg

I planleggingsfasen jobbar vi frå ytst til inst. Viss ikkje periferisikringa er i orden, er det vanskeleg å sikre dei andre områda.

Kart og andre teikningar gir oversikt over området og det som må sikrast. Vi set også opp ei liste med alle verdiane og beksriv dei. Sikkerheitsmåla er den sikkerheita vi ønsker for verdien.

Bedriftas verdiar Sikkerheitsmål
Nr. Verdi Nærmare beskriving av verdien
1 Bilparken Alle bilane på oppstillingsplassen eller andre stader dei står parkert (også utanom bedrifta) Vi skal ikkje ha driftsstans på grunn av tjuveri

I risikovurderingsfasen set vi opp kva uønskte hendingar som kan skje, korleis det kan true verdiane, og kva som kan bli resultatet viss den uønskte hendinga skjer.

Deretter vurderer vi sannsynsnivået og konsekvensnivået, og bereknar risikonivået. Dette kallar vi risikoanalyse. Til dømes kan vi seie at det er middels sannsyn for tjuveri, men konsekvensen er alvorleg. Vi set dette inn i skjemaet for berekning av risikonivå, og kjem fram til at risikonivået er høgt.

ST 3_2 Risikonivå.jpg

Risikonivået avgjer om vi må sette i verk sikkerheitstiltak:

  • Høgt risikonivå: Verksemda må sette i verk sikkerheitstiltak for å få risikonivået ned til eit lågt nivå
  • Middels risikonivå: Verksemda må observere utviklinga. For spesielt viktige verdiar bør enklare sikkerheitstiltak settast i verk. For verdiar som gjeld liv og helse, skal sikkerheitstiltak iverksettast.
  • Lågt risikonivå: Verksemda treng ikkje sette i verk sikkerheitstiltak.

I tiltaksfasen bestemmer vi kva slags tiltak vi treng, og vi set opp ein tiltaksplan. Til dømes kan eit tiltak vere å sette opp eit gjerde med automatisk, fjernstyrt port. Planen skal vise kva tiltaket kostar, kven som har ansvaret og kva som er fristen.

Oppfølgingsfasen er ein kontrollfase. Vi sjekkar at tiltaka er gjort og fyller ut eit kontrollskjema. Viss det er noko som ikkje verkar, eller det oppstår uønskte hendingar som vi ikkje hadde føresett, kallar vi det avvik. Det fører vi i eit avviksskjema. Ofte finn vi ut at vi må endre på tiltak eller iverksette nye tiltak. Det kallar vi revisjon av sikkerheitsarbeidet.