Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 5 Datasikkerheit

Kompetansemål: Du skal kunne ta hand om datasikkerheit og vurdere tiltak.

Dette kapitlet handlar om sikkerheit knytt til data som er lagra på digitale lagringsmedium som datamaskiner og liknande. Det kan vere rekneskapar, e-postar, kontraktar, ordrar osv. Sidan datamaskiner er knytt saman i eit nettverk, kan datasystema våre bli utsett for truslar. Det er også lett å miste ein telefon eller iPad med mykje data lagra. Derfor må vi jobbe med datasikkerheit.

Datasikkerheit er tiltak vi set i verk for å redusere eller fjerne truslar retta mot data og datasystem. I Noreg er det fleire offentlege etatar som til dagleg jobbar med datasikkerheit. To av dei er Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) og politiet. NSM har fokus på førebyggande arbeid, mens politiet fokuserer på etterforsking av datakriminalitet. Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) er ein privat aktør som arbeider for auka kunnskap om og forståing for informasjonssikkerheit i samfunnet.

Gjennom internett kan datamaskiner bli angripne av skadevare eller datavirus. Det er eit program med ein ondarta kode som kan gjere skade på maskina. Vi kan òg bli utsett for datakriminalitet. Ved å hacke datasystema kan kriminelle stele viktige opplysningar. Til dømes kan dei stele personopplysningar og utgi seg for å vere denne personen. Det kallar vi identitetstjuveri.

Det finst mange enkle tiltak for datasikkerheit. Dei fleste operativsystem har innebygd antivirusprogram og brannmurar. Ein brannmur kontrollerer datatrafikken mellom internett og maskina og sjekkar at han er sikker. Eit antivirusprogram søker på maskina etter forskjellige typar skadevare og fjernar dei.

Gode passord er eit viktig tiltak for å hindre uvedkommande tilgang til datasystemet.

Dersom vi mister data, er det viktig at vi har eit godt system for sikkerheitskopiering. Til dømes finst det mange løysingar i nettskya. Da blir dataa lagra på ein ekstern server via internett.

Dei fleste bedrifter treng profesjonell kompetanse for å drifte datasystema og ta vare på sikkerheita. Viss verksemda ikkje har eigne IKT-servicemedarbeidarar, kan dei bruke datafirma som tilbyr service. IKT står for informasjons- og kommunikasjonsteknologi.