Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 11 Regelverk

Kompetansemål: Du skal kunne bruke gjeldande regelverk for marknadsføring og sal i forbrukarmarknaden.

Det er fleire lover og reglar vi bør kjenne til dersom vi driver med marknadsføring og sal. Vi må til dømes vite kva kunden kan klage på, kva som er fristen for å klage og kva slags reklame som er forbode.

Lovene frå Stortinget er samla i Norges lover. I tillegg finst meir detaljerte forskrifter og reglar. Til saman kallar vi det regelverk. Heile regelverket ligg på lovdata.no.

Dei viktigaste lovene er

  • forbrukarkjøpslova
  • handverkartenestelova
  • angrerettlova
  • finansavtalelova
  • forbrukartvistlova
  • marknadsføringslova
  • ehandelslova

Forbrukarkjøpslova handlar om kjøp og sal av varer, som telefonar, klede, bilar og mat. Ein handel er alltid ein kjøpsavtale, sjølv om han ikkje er skriftleg. Det vil seie at både seljaren og kunden har bestemte plikter og rettar.

Om vi ikkje får vara til rett tid, kallar vi det forseinking. Mangel vil seie at det er noko gale med vara. I begge tilfelle kan vi klage og krevje kompansasjon.

MS 11_1 Forseinking og mangel.jpg

Retting betyr at vara blir reparert, mens omlevering vil seie at vi får ny vare. Å heve kjøpet er å få pengane tilbake. Det kan vi gjere viss det dreiar seg om vesentleg mangel, det vil seie at feilen er stor. Forseinking kan òg gi rett til å heve kjøpet.

Seljaren har òg rettar. Viss kunden til dømes ikkje betaler til rett tid, kan seljaren halde tilbake vara. Han kan òg heve salet og selje produktet til ein annan kjøper.

Å klage på ei vare kallar vi reklamasjon. Lova seier at seljaren er ansvarleg for manglar ved vara inntil 2 år. Viss det er ting som bør vare lenger, er grensa 5 år. Når feilen er oppdaga, må kunden reklamere innan «rimeleg tid».

Handverkartenestelova handlar om kjøp og sal av handverkartenester (bilreparasjon, snikkar- og røyrleggararbeid osv.). Mykje i denne lova er likt som i forbrukarkjøsplova: vi kan halde tilbake betaling eller tenester, vi kan reklamere og vi kan heve avtalen.

Det lønner seg å ha skriftlege avtalar om slike tenester, særleg når det er store, dyre oppdrag. Som regel gir handverkaren eit prisoverslag – prisen blir avtalt på førehand. Men ofte er det umogleg å vite kor vanskeleg eller omfattande arbeidet blir. Da seier lova at handverkaren kan auke prisen, men ikkje meir enn 15 %.

Angrerettlova gjeld kjøp av varer utanfor vanleg butikk, til dømes på stand eller på nett og over telefon. Nett- og telefonsal kallar vi òg fjernsal. Angrerett betyr at kunden kan angre og få tilbake pengane sjølv om det ikkje er noko gale med vara.

Bedrifta må alltid opplyse om angreretten og legge ved angreskjema i postpakken. Kunden har deretter angrerett i 2 veker. Viss han ikkje har fått informasjon om angreretten, er angrefristen på 12 månader.

Finansavtalelova gjeld handel som skjer med kredittavtale. Det vil seie at vi betaler med kredittkort eller betaler i avdrag. Begge delar kallar vi betalingsutsetting (vi betaler seinare).

Alle som gir kreditt, må opplyse skriftleg om vilkåra: renter og gebyr, samla kredittbeløp og kor lenge avtalen gjeld.

Kunden har rett til å seie opp avtalen innan 14 dagar etter at avtalen er inngått. Da må han betale tilbake kredittbeløpet som er gitt innan 30 dagar.

Forbrukartvistlova handlar om korleis klagesaker kan løysast. Som regel blir forbrukaren og seljaren enige, men ikkje alltid. Da kan ein gå vidare og klage til Forbrukarrådet eller Forbrukartvisutvalet. Figuren viser denne rekkefølga.

MS 11_2 Klagegang.jpg

Forbrukarrådet prøver å mekle mellom partane slik at dei kan bli einige. Ofte får dei ein ekspert til å sjå på saka. Går ikkje dette heller, kan saka komme opp i Forbrukartvistutvalet, som er ein slags domstol.

Marknadsføringslova bestemmer at marknadsføring skal skje etter «god marknadsføringsskikk». Det betyr at marknadsføringa må vere ærleg, og ho må ikkje vere diskriminerende eller spele på frykt og usikkerheit.

Kjønnsdiskriminerande reklame er nemnt spesielt i lova. Reklamen må ikkje spele på negative kjønnsroller, og han må vise respekt for kvinne- og mannskroppen.

Det er ikkje lov å lure forbrukaren eller presse han, til dømes krevje at han betaler for noko han ikkje har bedt om å få. Det kallar vi urimeleg handelspraksis. Eit anna døme på urimeleg handelspraksis er å gi opplysningar som ikkje stemmer, eller halde tilbake viktig informasjon om eit produkt. Det kallar vi villeiande handlingar og villeiiande utelatingar.

Aggressiv marknadsføring er bruk av tøffe metodar for å få til eit sal, til dømes tvinge kjøparane med fysisk makt. Slike metodar blir òg rekna som urimeleg handelspraksis og er forbode.

Det er laga ei forskrift til lova som blir kalla Svartelista. Ho nemner 31 handlingar som alltid skal reknast som urimeleg handelspraksis.

Det er ikkje lov å sende reklame på e-post eller SMS viss ikkje mottakeren har sagt ja til det. Men viss han allereie har eit kundeforhold til oss, er det lov med slik marknadsføring.

Det finst eigne reglar for marknadsføring overfor barn (personar under 18 år). Reklamen må ikkje oppfordre til farleg atferd, til dømes sykle utan hjelm. Det er heller ikkje lov å spele på usikkerheit og dårleg sjølvtillit, eller på vald, sex og rusmiddel.

Det er òg reglar for korleis bedrifter skal oppføre seg overfor andre bedrifter. Marknadsføringslova kallar det god forretningsskikk næringsdrivande imellom. Det er til dømes ulovleg å snakke nedsettande om konkurrentane. Og viss ein samanliknar seg med konkurrentane, må samanlikninga vere reell.

Forbrukarombudet og Marknadsrådet skal passe på at marknadsføringslova blir følgd.

For handel på nett gjeld ei eiga ehandelslov. Ho seier mellom anna at vi alltid må oppgi totalkostnaden (pris + frakt og avgifter), at kunden må få elektronisk kvittering på kjøp, og at ein må oppgi kontaktinformasjon med namn og adresse.