Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 1 Marknadsføring i eit nøtteskal

Nye omgrep: marknadsføring, behov, marknad, produkt, sal

Når vi startar ei bedrift, må vi ha noko å selje. Dette kallar vi eit produkt. Eit produkt kan vere ein ting, til dømes fjernstyrte bilar. Det kallar vi ei vare. Eller det kan vere ei teneste, som å klippe hår eller frakte pizza.

Vi sel produktet på ein marknad. Marknaden er dei menneska som er interessert i å kjøpe produktet. Det kan vere folk i eit bestemt område, til dømes byen der vi køyrer ut pizza. Eller det kan vere heile Noreg, viss vi sel dei fjernstyrte bilane gjennom nettet.

Nokre bedrifter sel produkta til vanlege menneske – forbrukarane. Det kallar vi forbrukarmarknaden. Men bedrifter kan også selje produkta sine til andre bedrifter, til dømes ein skofabrikk som sel sko til skobutikkar. Det kallar vi bedriftsmarknaden.

Dei som kjøper produktet, har eit behov for produktet. Dei føler at dei treng produktet. Og når dei har kjøpt det, har dei gjerne behov for noko meir eller betre.

Når vi sel produktet, vekker vi behovet hos kjøparane. Det vil seie at vi gjer folk interessert i å kjøpe. Etterpå er dei nøgde. Dei føler at dei får dekt behovet sitt med vårt produkt.

Marknadsføring er alt vi gjer for å selje produktet vårt. Marknadsføring er mange aktivitetar: planlegge produktet, fastsette pris, annonsere, lage nettsider, kontakte kundar. Målet med marknadsføringa er sal. Vi sel eit produkt som dekker eit behov i marknaden. Vi seier at vi tilfredsstiller eit behov.