Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 4 HMS og internkontroll

Kompetansemål: Du skal kunne følge etiske normer, reglar for personvern og krav til helse, miljø og sikkerheit.

HMS står for helse, miljø og sikkerheit. Arbeidsmiljølova seier at alle norske bedrifter må drive HMS-arbeid. Det vil seie at dei skal jobbe for eit godt arbeidsmiljø og god sikkerheit for alle tilsette. Dei må òg ta omsyn til det ytre miljøet og passe på at dei ikkje forureinar eller skader omgivnadene.

HMS-arbeidet skal vere systematisk. Det betyr at det skal føregå etter ein fast plan, og at det skal dokumenterast. Verksemda må òg lage eit system for rutinar og oppfølging. Det kallar vi IK-system (internkontrollsystem).

Det fysiske arbeidsmiljøet må vere slik at vi utfører arbeidet trygt og ikkje får skadar. Vi må til dømes ha nok lys, vi må ha godt verneutstyr og ein kontorplass som er tilpassa oss.

Det er også viktig at arbeidet vårt er meiningsfylt og at vi trivst på jobben. Det kallar vi psykososialt arbeidsmiljø. Dei tilsette skal respektere kvarandre, og leiinga må sørgje for gode arbeidsoppgåver til dei tilsette.

I HMS-arbeidet fastset vi sikkerheitsmål, og vi lagar tiltaksplan. Til dømes kan vi ha som sikkerheitsmål at alle må bruke verneutstyr. Ein tiltaksplan kan til dømes seie at vi skal kjøpe inn ei løftetralle, eller at vi skal bruke mest mogleg miljøvennleg emballasje.

Alle dokumenta som gjeld HMS, samlar vi i IK-mappa. Vi kan mellom anna ha ein rutine for brannsikkerheit, med sjekkliste for kontroll av brannvarslarar. Avviksskjema bruker vi for å rapportere ulykker eller nesten-ulykker.

På fagnettstaden finn du skjema til bruk i det systematiske HMS-arbeidet.

Bedrifta må òg passe på personvernet. Ingen personopplysningar må kunne misbrukast, og dei skal lagrast berre så lenge det er nødvendig. Personopplysningar er til dømes personnummer og kontonummer.

Etikk er læra om verdiar, haldningar og forventningar som seier noko om kva som er rett og gale. Normer er uskrivne reglar for korleis vi oppfører oss. Til dømes kan det vere ei norm på ein arbeidsplass at alle gåver frå kundar er felles. Nokre verksemder har skriftlege etiske retningslinjer for å sikre seg at alle tilsette blir kjent med normene.