Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 6 Val av transporttenester

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere økonomi, tid, helse, miljø og sikkerheit ved val av transporttenester.

Transport er å flytte personar og gods frå éin stad til ein annan. Når vi skal velje transportteneste, vel vi mellom ulike forsyningskjeder. Ei forsyningskjede består av ulike aktørar som samarbeider om transporten og logistikken. Til dømes samarbeider Bring med forskjellige butikkar, slik at kunden kan velje kor han vil hente vara. Eit anna døme er søkemotoren ruter.no, der du kan finne reiserute med ulike transportselskap.

Kollektivtransport er regelmessig persontransport i rute langs faste trasear som er open for alle. Til persontransport vurderer vi kollektivtransport ut frå tid og pris. Viss vi har fleire transportoppgåver samtidig, kan privatbil vere den beste løysinga. Vi skal til dømes køyre barn til barnehagen og handle på veg til jobben. Mange stader finst det heller ikkje noko kollektivtilbod, slik at ein er avhengig av bilen.

Ved forretningsreiser er tid ofte det viktigaste. Da vel ein fly, sjølv om det er dyrast. Både tog- og flyselskap må kunne tilby nettilgang slik at passasjerane kan jobbe under reisa.

Gods er varer som transportørar formidlar frå avsendarar til mottakarar. Når vi vel godstransportteneste, ser vi på:

  • pris
  • transporttid
  • leveringsservice

Leveringsservice er kor sikker leveringa frå lager er. Vi må vite at vara finst på lager (servicegrad), at ho ikkje blir forseinka (leveringspålitelegheit), og at ho ikkje blir skadd (leveringssikkerheit). Leveringsservicen blir rekna ut i prosent, og vi kan sette det opp slik:

Leveringsservice = servicegrad ∙ leveringspålitelegheit ∙ leveringssikkerheit

Vi har forskjellige typar godstransport. Samlastgods er gods frå mange avsendarar som skal til mange mottakarar. Det kan samanliknast med kollektivtransport. Kvar avsendar betaler ein pris etter frakttabell.

Partilast er store sendingar som går direkte frå ein avsendar til ein mottakar. Typisk er frakt frå fabrikk til grossist i konteinarar. Med intermodale konteinarar kan ein laste om frå éin transportform til ein annan, til dømes frå lastebil til tog.

Det er stor konkurranse i transportnæringa, og transportverksemder kan bli pressa på tid og pris. Vi må hugse på at det finst reglar om køyretid og kvile i vegtrafikklova. Dersom transportverksemda bryt desse, kan dei bli bøtelagt.

Sikkerheit er viktig for kundane som kjøper transporttenester. Til dømes må ruteselskap legge fram HMS-attestar når dei er med i anbodsrundar. Transportfirma kan få ISO-sertifisering som viser at dei har godkjende sikkerheitsrutinar. ISO er ein organisasjon som utarbeider internasjonale standardar, mellom anna for miljø og sikkerheit.

Luftforureining er eit problem ved all transport. I framtida kan teknologi bygd på fornybare energikjelder vere ei løysing. Til dømes finst det hydrogenbilar som bygger på vind- og solenergi.