Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 5 Skriftleg informasjon

Kompetansemål: Du skal kunne lage og formidle skriftleg informasjon og materiell til kunden ved å bruke ulike medium.

Når vi vil informere om produktet vårt, bruker vi forskjellige medium. Eit medium kan vere ei avis, ei nettside, ein powerpoint-presentasjon eller ein plakat. Vi kallar dei også ikkje-personlege medium eller massemedium, fordi dei vender seg til fleire menneske.

Informasjonen kallar vi bodskap. Det kan til dømes vere eit spesielt tilbod eller fakta om produktet eller om bedrifta. Denne bodskapen vil vi kommunisere til ei målgruppe eller mottakar. Vi som sender bodskapen, er avsendaren. Heile denne prosessen kallar vi kommunikasjon.

Vi kan vise dette med ein kommunikasjonsmodell:

MS 5_1 Kommunikasjonsmodellen.jpg

Vi kan tenke oss at vi sel hårprodukt, og vi skal delta på ei messe. Vi vil gjerne lage noko materiell som informerer om produkta våre. Arbeidet føregår i tre fasar:

  • planleggingsfasen
  • byggefasen
  • kontrollfasen

Vi bestemmer oss for å lage ein brosjyre (vel medium), og teiknar eit utkast.

I planleggingsfasen bestemmer vi kva som er hovudbodskapen vår. Skal vi legge vekt på fakta og ein sakleg bodskap? Da er kanskje teksten viktigast, saman med bilete av prouktene. Eller er det smartare med ein kjenslemessig bodskap? Da kan vi til dømes bruke eit stort bilete av ein vakker modell.

Vi seier også at vi kodar bodskapen, det vil seie at vi vel element som får fram bodskapen best.

Samtidig veit vi at det er veldig mykje informasjon på messa, og kanskje har mottakarane dårleg tid. Det kallar vi støy – alt som gjer at bodskapen ikkje når fram. Kanskje vi skal lokke med eit spesielt tilbod som blir lagt merke til, til dømes «50 % rabatt»?

I byggefasen lagar vi brosjyren med eit program, til dømes Adobe illustrator eller InDesign. Hugs at det ikkje må vere for mange element på brosjyren og ikkje for mykje tekst. Det er viktig med ein stoppeffekt, noko som gjer at mottakeren legg merke til bodskapen. Det kan vere eit flott bilete, eller ei god overskrift.

Har sida fleire element, bør du hugse på at auget les oppe frå venstre og nedover mot høgre.

I kontrollfasen må du kvalitetssikre brosjyren. Stemmer alle opplysningane, og er alt rett skrive? Her er det lurt å få hjelp av andre, som kan lese brosjyren «med friske auge».

Viss du har koda bodskapen din rett, kan mottakeren avkode det og forstå det rett. Og kanskje han gjer det du vil, til dømes bestiller nokre av produkta dine. Da har du fått tilbakemelding på bodskapen din.