Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 9 Reiseplanlegging

Kompetansemål: Du skal kunne planlegge ei reise etter dei ønska og forventningane som kunden har til gode reiseopplevingar.

Når vi snakkar om reiseplanlegging, tenker vi på lengre reiser. Da er ikkje berre transporten viktig, men òg overnatting, maten og attraksjonar vi besøker.

Det er mange som jobbar med å skape ei god reise: hotell, busselskap, restaurantar, museum osv. Vi seier at dei produserer reiselivsprodukt. Det heilskaplege reiselivsproduktet er når reiselivsprodukta overnatting, servering, transport og attraksjonar og opplevingar er sett saman til eitt produkt.

ST 9_1 Det heilskaplege reiselivsproduktet.jpg

Ein destinasjon eller eit reisemål er den staden turistane drar til. Mange stader samarbeider reiselivsnæringa og myndigheitene for at det heilskaplege produktet skal bli best mogleg. Det kallar vi destinasjonsutvikling. Døme er «Destination Lofoten» og «Visit Norway».

Når vi skal planlegge eit reiselivsprodukt, må vi ta omsyn til kundens ønske. Det kan vere stor forskjell på kva folk ønsker av hotellstandard, mat og opplevingar. Vi må òg finne ut om dei har spesielle behov, til dømes viss dei er eldre eller har nedsett funksjonsevne.

Service er viktig ved reiselivsprodukt. Du må passe på alle som treng hjelp og sørgje for god informasjon. Jobbar du med transport, må du sjekke at det tekniske er i orden: leselys, lufteanlegg, nettilgang osv.

Sikkerheit er òg viktig. Vi må vite kva vi skal gjere viss nokon blir sjuke, viss det oppstår forseinkingar eller viss det skulle skje ei ulykke. Det kallar vi òg beredskap. Sjåførar må køyre trygt og passe på reglane for teknisk kontroll, bilbelte og køyre- og kviletid, slik du lærte i kapittel 7.

Reglar for universell utforming gjeld for alle offentlege transportmiddel. Det betyr at transportmidla skal vere tilrettelagt for alle, òg for dei med nedsett funksjonsevne som til dømes blinde eller rullestolbrukarar.

Vi må òg kjenne til regelverk som gjeld toll og visum. Det er reglar for kor mykje alkohol, tobakk og andre varer ein kan ha med inn i eit land. Visumreglane seier kven som treng visum for å komme inn i Noreg, og kva land nordmenn treng visum til.

Sel vi pakkereiser, må vi kjenne til pakkereiselova. Ho seier mellom anna kva slags erstatning kunden skal ha viss det oppstår problem på reisa eller ho blir kansellert.

Målet med reiseplanlegginga er nøgde kundar. Vi må sørgje for at både den tekniske og den funksjonelle kvaliteten ved reisa er god.

ST 9_2 Fornøgde kundar.jpg