Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 5 Budsjett

Kompetansemål: Du skal kunne lage budsjett og vurdere likviditeten i ei verksemd.

Eit budsjett er ein økonomisk plan for framtida. Budsjettet gjer at vi kan planlegge aktivitetar for verksemda, og det gjer at vi har betre kontroll på økonomien.

Eit resultatbudsjett viser kva resultat vi planlegg for verksemda – overskot eller underskot. Som regel gjeld det for eit år, og vi deler det opp i månader for å kunne følge med utviklinga. Vi kan til dømes planlegge med underskot ein månad, viss vi veit at det blir dekt inn av overskot seinare.

Resultatbudsjett for MATBOKSEN i oktober og november (sjå på figuren under).

Oktober November Sum
Inntekter
Sponsorinntekter 1 600 0 1 600
Sal 0 3 000 3 000
Sum inntekter 1 600 3 000 4 600
Kostnader
Innkjøp av boksar 1 200 1200
Registrering i Brønnøysund 200
Marknadsføring 500 1 300 3 300
Reiseutgifter 1 000
Diverse kostnader 300
Sum kostnader 3 200 1 300 4 500
Resultat (inntekter–kostnader) – 1 600 1 700 100

Vi ser at resultatet er negativt i første månad, men positivt i neste. Resultatet for oktober og november blir eit overskot på kr 100.

Eit likviditetsbudsjett viser innbetalingar og utbetalingar – det vi kallar pengestraumen. Likviditet betyr betalingsevne, det vil seie å ha pengar slik at vi kan betale. Vi må til dømes vite at vi har nok pengar til å betale dei fakturaene som kjem.

Pengebehaldninga er dei pengane vi har, enten på konto i banken eller som kontantar. Utgåande pengebehaldning i ein periode er inngåande pengebehaldning i neste periode.

Likviditetsbudsjett for ein skuleelev (sjå på figuren under):

Juni Juli
Inngåande pengebehaldning 0 – 6000
Innbetalingar
Lønn for juni 10 000
Sum innbetalingar 0 10 000
Utbetalingar
Betale sydentur 6 000
Sum utbetalingar 6 000 0
Betalingsoverskot/-underskot – 6000 10 000
Utgåande pengebehaldning – 6 000 4 000

Vi ser at skuleeleven startar med 0 kroner i juni – inngåande pengebehaldning. Den utgåande pengebehaldninga viser at ho vil ha 4 000 kroner til overs i slutten av juli. Men ho får eit problem i juni når sydenturen skal betalast. Den utgåande pengebehaldninga blir da – 6 000 kroner. Dersom ho ikkje har andre pengar som ikkje er tekne med i budsjettet, eller får låne pengar, viser likviditetsbudsjettet at ho ikkje vil klare å betale sydenturen.

Når året eller perioden er over, har vi budsjettkontroll. Da samanliknar vi budsjettet med rekneskapen. Dersom det er forskjell på budsjettet og rekneskapen, kallar vi det avvik.

Viss kostnadene er blitt høgare eller inntektene lågare, har vi negativt avvik. Viss kostnadene er blitt lågare eller inntektene høgare, har vi positivt avvik. Vi kan lære av budsjettkontrollen slik at vi kan planlegge betre neste gong.