Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Fagbegreper

A

Administrasjon
Den daglege styringa og drifta av ei verksemd
Administrative sikkerheitstiltak
Er opplæring og sikkerheitstiltak baserte på rutinar og instruksar.
Adware
Program som samlar informasjon om nettvanane til brukarane.
Altinn
Ein internettportal der all innrapportering til det offentlege skjer
Angrerett
Retten ein forbrukar har til å gå frå ein kjøpsavtale
Anleggsmiddel
Eigedelar til varig eige eller bruk
Ansvar
Ei plikt til å sørgje for at visse arbeidsoppgåver blir utførte
Antivirusprogram
Søkjer på maskinen etter forskjellige typar av skadevare og fjernar dei.
App
Eit miniprogram for smarttelefon, nettbrett og andre mobile einingar.
Arbeidsgivar
Ein som har tilsett ein arbeidstakar for å utføre arbeid i si teneste.
Arbeidsmiljø
Summen av alt som påverkar deg på arbeidsplassen
Arbeidsmiljø (fysisk)
Den tekniske utforminga av arbeidsplassen
Arbeidsmiljø (individuelt)
Handlar om at vi oppfattar ting ulikt
Arbeidsmiljø (organisatorisk)
Dette er korleis arbeidet er lagt til rette og organisert, graden av medverknad, graden av fridom i jobben, einsformig eller variert arbeid og arbeidstid
Arbeidsmiljø (psykososialt)
Sosiale, mellommenneskelege og organisatoriske forhold som påverkar arbeidsevna, helsa og velferda til arbeidstakarane
Arbeidsmiljø (sosialt)
Handlar om korleis dei tilsette meistrar sosiale situasjonar og klarer å kommunisere, delta og samarbeide med kvarandre
Arbeidstakar
Ein som utfører arbeid i teneste for ein annan.
Arealsikring
Sikkerheitstiltak på området mellom periferien og bygningane.
Arkiv
Ei strukturert samling av informasjon
Arkivalia
Informasjonen som blir arkivert (dokument, filer, bilete)
Arkivering
Arbeidet med å plassere og lagre dokument på rett stad i arkivet
Avanse
Skal dekkje både dei indirekte kostnadene og fortenesta
Avfall
Er gjenstandar eller stoff som nokon har kassert eller har tenkt å kassere.
Avvik
Ei uønskt hending som har oppstått eller kunne ha oppstått, og som krev handling/tiltak.
Tilbake til toppen

B

Balanselikninga
Eigedelar = eigenkapital + gjeld
Bedriftsmarknaden
Ein marknad der bedrifter handlar seg imellom
Behov
Ein mangel vi føler at vi har, slik at vi er villige til å ofre noko for å komme i likevekt
Beredskap
Betyr å vere klar til å reagere på ein trussel og handtere han etter førehandsbestemte rutinar om han skulle inntreffe.
Berekraftig utvikling
Er ei utvikling som kjem i møte behova til noverande generasjon utan å redusere moglegheitene for kommande generasjoner til å dekkje sine behov.
Brannmur
Kontrollerer datatrafikken mellom internett og eigen maskin for å sjekke om den andre enden tilbyr tilstrekkeleg sikkerheit.
Brukarnamn
Eit namn som skal gjenkjenne ein person, og som også skal stemme med eit passord for tilgang til ein ressurs.
Budsjett
Ein økonomisk plan for framtida
Budsjettavvik
Når rekneskapen viser eit anna resultat enn budsjettet
Buzzmarknadsføring
Kan definerast som gjensidig påverknad mellom kundar og brukarar av eit produkt
Tilbake til toppen

C

CV (latin: curriculum vitae)
Eit dokument du lagar om deg sjølv, og som du bruker når du skal søkje jobb
Cyberspace
Er eit anna ord for det digitale nettet.
Tilbake til toppen

D

Data
Informasjon i ei eller anna form
Datakriminalitet
Kriminell verksemd der datateknologi blir brukt som reiskap for den kriminelle handlinga.
Datanettverk
Eit nettverkssystem som gjer det mogleg med kommunikasjon mellom datamaskinar, ofte berre kalla nettverk.
Dataregister
Strukturert lagring av større mengder data. Kan vere digitalt eller analogt. I dag mest assosiert med digitale data.
Datasikkerheit
Tiltak vi set i verk for å redusere eller fjerne truslar retta mot data og datasystem.
Datateknologi
Digitale og tekniske system som gjer det mogleg å behandle og kommunisere data mellom digitale plattformer.
Datavirus (skadevare)
Er eit program med ein skadeleg kode som kan gjere skade på maskinen.
Debetkort
Trekkjer kjøpesummen direkte frå bankkontoen din (vanlegvis bankkortet ditt)
Delegere
Å overføre myndigheit
Delingskultur
Ei haldning som seier at det er positivt å dele ressursane til kvarandre.
Demografi
Samansetninga og storleiken på befolkninga på eit visst tidspunkt. Det handlar om kjønn, alder, inntekt, bustad og kor mange det er i dei ulike befolkningsgruppene
Deponering
Er å lagre på ein forsvarleg måte.
Destinasjon
Er ein stad som turistar reiser til.
Destinasjonsutvikling
Samarbeid om å utvikle reiselivsprodukt på ein destinasjon.
Det heilskaplege reiselivsproduktet
Når reiselivsprodukta overnatting, servering, transport og attraksjonar/opplevingar er sette saman til eitt produkt.
Det konkrete produktet
Det vi kjøper reint fysisk
Det totale produktet
Kjerneproduktet + det konkrete produktet + service
Detektere
Det same som å oppdage eller registrere.
Detektor (sensor)
Ei teknisk innretning som reagerer på ytre forhold.
Digital spionasje
Hacking av eit datasystem for å stele data, eller få kunnskap om ein konkurrent.
Digitale salskanalar
Når eit produkt kan seljast gjennom eit medium som er koda i eit format som maskinar kan lese
Digitalt lagringsmedium
Eit lagringssystem der data blir lagra elektronisk i eit system basert på 0 og 1.
Direkte kostnader
Kostnader som kan knytast direkte til eit produkt
Distribusjon
Alle aktivitetar som er nødvendige for å gjere produkta tilgjengelege for kjøparane
DoS-angrep, tenestenekt
Er målretta angrep mot datasystem som gjer at det ikkje er mogleg å få tilgang til informasjon eller ressursar som ligg i systemet.
Tilbake til toppen

E

Eigenkapital
Dei pengane eigarane sjølve tilfører verksemda
Einingsregisteret
Eit register som inneheld alle norske føretak, både private og offentlege. Ved registreringa får du eit organisasjonsnummer
Eksterne arbeidsvilkår
Forhold som ligg utanfor verksemda, og som vi ikkje kan kontrollere. Desse skaper moglegheiter, men kan også vere trugsmål
Eksternt møte
Har både deltakarar som er tilsette i verksemda, og deltakarar som ikkje er tilsette der
Emballasje
Er innpakning
Emballasjeavfall
Avfall som oppstår når vi fjernar innpakninga rundt varer.
Emneknagg (hashtag)
Eit stikkord som blir brukt for å gruppere meldingar som handlar om det same. Ein emneknagg består av teiknet # følgt av eit ord, utan mellomrom.
Energigjenvinning
Betyr at avfallet blir brent og varmen utnytta til å produsere energi.
Etikk
Læra om verdiar, haldningar og forventningar som seier noko om kva som er rett og gale.
Tilbake til toppen

F

Fake news, falske nyheiter
Presseoppslag med usant innhald som er publisert bevisst, gjerne med sensasjonelt preg.
Faktura, inngåande
Faktura verksemda tek imot frå leverandørane sine
Faktura, utgåande
Faktura verksemda sender til kundane sine
Farleg avfall
Er avfall som kan føre til alvorleg forureining eller vere til skade for menneske eller dyr.
Farleg gods
Er varer som under transport kan gi auka risiko for skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar.
Faste kostnader
Kostnader som ikkje endrar seg med mengda av sal eller produksjon
Finansielle tenester
Mellom anna kredittavtalar, bankinnskot og banklån
Finansiere
Å skaffe pengar til å betale utgifter og investeringar med
Finansieringsplan
Ein plan for korleis verksemda skal dekkje kapitalbehovet
Fjernsal
Sal ved bruk av telefon, e-post eller internett
Forbetringstiltak
Tiltak som blir sett i verks for å rette opp svakheiter
Forbrukarkjøp
Sal av ting til ein forbrukar når seljaren eller ein representant for seljaren opptrer i næringsverksemd
Forbrukarmarknaden
Består av forbrukarar som deg og meg som kjøper varer og tenester av profesjonelle seljarar til eige bruk. Døme på profesjonelle seljarar er butikkar, restaurantar, hotell og flyselskap
Forretningsidé
Fortel: Kva kundar/målgrupper bedrifta ønskjer å rette seg mot. Kva behov hos målgruppene bedrifta vil dekkje. Kva produkt bedrifta skal tilby for å dekkje behovet til målgruppene. Kva fortrinn som gjer bedrifta i stand til å dekkje behovet
Forretningsmodell
Gjer greie for korleis ei verksemd skal skape og levere verdiar, og korleis verksemda skal tene pengar på verdiskapinga
Forretningsplan
Ein systematisk gjennomgang av alle forhold ved ei etablering, frå idéfasen og til du er i gang. Denne planen er retningslinjer du skal følgje både under sjølve etableringa og når verksemda er oppe og går
Forseinking (forbrukarkjøp)
Dersom vara blir levert for seint eller ikkje blir levert i det heile, er det forseinking
Forsyningskjede
Består av ulike aktørar som samarbeider om å gjennomføre transport- og logistikktenester.
Forteneste (produkt)
= utsalsprisen – kostnadene som er knytte til produktet
Fortenestemargin
Differansen mellom verdiane som blir skapte i verksemda, og kostnadene ein har ved å skape desse verdiane
Fraktbrev
Er eit dokument som følgjer ei varesending.
Frakttabell
Er ein tabell som viser kva det kostar å sende gods over ulike avstandar.
Frankere
Å setje porto på post som skal sendast
Funksjonell kvalitet (teneste)
Korleis utøvinga av tenesta faktisk skjer
FylkesROS
Risiko- og sårbarheitsanalysar for uønskte hendingar og truslar som kan ramme infrastruktur og innbyggjarane i fylket eller regionen.
Fysisk arbeidsmiljø
Utforminga og tilrettelegginga av arbeidsstaden som påverkar helsa, miljøet, sikkerheita og velferda til arbeidstakarane, til dømes inneklima, lysforhold, støy og bygningsmessige forhold
Fysiske sikkerheitstiltak
Tiltak som er fysiske og gjerne solide, som gjerde, portar og bommar.
Føretaksregisteret
Er knytt til Einingsregisteret, men inneheld meir informasjon om verksemdene, mellom anna kven som har ansvar der
Tilbake til toppen

G

Gjeld, kortsiktig
Gjeld som skal betalast attende i løpet av det nærmaste året
Gjeld, langsiktig
Gjeld som skal betalast attende i løpet av meir enn eitt år
Gjenvinning
Er tiltak som blir gjorde for at avfallet skal komme til nytte.
Globalisering
Er eit uttrykk for ei verd der varer og tenester, menneske, pengar og informasjon flyttar seg nesten fritt over landegrensene.
God marknadsføringsskikk
God oppførsel overfor dei vi rettar marknadsføringa mot
Gods
Er varer som transportørar formidlar frå avsendarar til mottakarar.
Godsterminal
Er ei verksemd for sortering av gods som er på veg frå ein avsendar til ein mottakar.
Grossist
Er ei handelsbedrift som kjøper varer frå produsentar og sel vidare til detaljistar.
Gründer (tysk: grunnleggjar)
Ein person som har ein idé om eit produkt som er så god at han startar si eiga bedrift på grunnlag av denne ideen
Tilbake til toppen

H

Hacking
Innbrot i datasystem og datamaskinar.
Handelspraksis
All handling eller unnlating av handling, framferd, reklame og marknadsføring i samband med sal både før, under og etter at avtale er inngått
Handelspraksis (urimeleg)
Ufine forretningsmetodar som gjer at forbrukarane blir lurte eller pressa til å gjere noko dei ikkje hadde gått med på dersom dei hadde visst betre
Handlemønster
Korleis folk kjøper varer og tenester. Kven handlar? Kva handlar dei? Kvar handlar dei? Korleis handlar dei? Kor ofte handlar dei?
Handlingsplan
Ei oversikt over arbeidsoppgåver som må gjerast for å få god framdrift i verksemda
Handlingsplan (i marknadsplanen)
Gjer greie for dei marknadstiltaka vi skal gjennomføre i året som kjem, når det skal skje, budsjett for tiltaka og kven som har ansvaret for gjennomføringa
Hardware (maskinvare)
Fysiske komponentar i eit datasystem.
Hashtag (emneknagg)
Eit stikkord som blir brukt for å gruppere meldingar som handlar om det same. Ein hashtag består av teiknet # følgt av eit ord, utan mellomrom.
Hierarki
Rangordning
HMS
Helse, miljø og sikkerheit
Hoax
Ei bevisst løgn som nokon spreier for å lure andre. Ein hoax liknar på fake news, men er gjerne meir omfattande formulert.
Horisontalt samarbeid
Samarbeid mellom like distribusjonsledd, til dømes mellom ei gruppe detaljistar eller ei gruppe grossistar
Human Resource (HR)
Menneskeleg ressurs, ofte forkorta med HR
Tilbake til toppen

I

Identitetstjuveri
Når nokon stel personopplysningar frå ein annan og gir seg ut for å vere denne personen.
Ikkjepersonlege medium
Medium som når ut til mange personar samstundes. Ikkje-personlege medium blir gjerne kalla massemedium
IK-mappe
Ei samla oversikt over alt som har med internkontrollen i ei verksemd å gjere. Skal dekkje krava til dokumentasjon frå styresmaktene.
IK-system
Etablerte rutinar for internkontroll som tilfredsstiller krava frå styresmaktene.
IKT
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, i daglegtale ofte «datateknologi».
Indirekte kostnader
Kostnader som ikkje har nokon direkte samanheng med det aktuelle produktet
Individuelt arbeidsmiljø
Handlar om at vi oppfattar ting ulikt
Informasjon
Data og opplysningar av alle typar.
Informasjonssikkerheit
Er krav til pålitelegheit og sikkerheit knytte til informasjon, og system for å tryggje dette.
Infrastruktur
Er den underliggjande strukturen som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere.
Inkluderande arbeidsliv (IA)
Eit arbeidsliv for alle som kan og vil bidra
Inngåande faktura
Faktura verksemda tek imot frå leverandørane sine
Inngåande post
Posten som kjem til verksemda
Innovasjon Noreg
Eit statleg selskap stifta i 2003. Formålet med Innovasjon Noreg er å medverke til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Selskapet skal også profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål
Inntakskost
Varekostnad + andre kostnader som kjem til før vara har komme inn på lager
Instruks
Fortel korleis ei arbeidsoppgåve skal utførast
Intermodal konteinar
Vil seie at han kan lastast om frå éi transportform til ei anna.
Interne arbeidsvilkår
Forhold innanfor i verksemda vår, og som vi kan gjere noko med. Det er våre sterke og svake sider
Internkontroll
Eigenkontroll av det systematiske sikkerheitsarbeidet i bedrifta.
Internkontrollforskrifta
Ei forskrift som gir nærare retningslinjer til mellom anna AML om kva det systematiske sikkerheitsarbeidet inneber, og kva det krev av eigenkontroll i verksemda.
Internt møte
Har berre deltakarar frå eiga verksemd.
Investering
Ei utgift verksemda har, og som ho reknar med skal gjere sitt til auka lønnsemd på sikt
Investor
Ein person eller ei verksemd som hjelper deg med finansieringa ved å investere pengar i verksemda di
IT
Informasjonsteknologi. IKT er ein del av IT. I daglegtale ofte «datateknologi».
Tilbake til toppen

K

Kapitalbehov (ved etablering)
Kor mykje pengar du treng for å komme i gang med verksemda
Kassekreditt
Eit lån banken gir for at verksemda skal kunne betale dei løpande utgiftene
Kjeldekritikk
Å undersøkje om informasjon og opphavet til denne er til å stole på.
Kjeldesortering
Vil seie å sortere avfallet i ulike fraksjonar.
Kjerneproduktet
Behovstilfredsstillinga med produktet
Kjøpesignal
Teikn frå kunden som viser at han nærmar seg ei avgjerd. Det kan vere både spørsmål og fysiske handlingar
Kollektivtransport
Er regelmessig persontransport i rute langs faste trasear og er open for alle.
Kommunal beredskapsplikt
Plikta kommunen har til å utarbeide, vedlikehalde og setje i verk krise- og beredskapsplanar.
Kommunikasjon
Den prosessen der ein person, ei gruppe eller ei verksemd (avsendar) overfører informasjon til ein annan person (mottakar)
Konkurransebasert prissetjing
Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter det konkurrentane våre tek for liknande produkt
Konkurransemidla
Dei fem P-ane: Produkt, Pris, Plass, Påverknad og Personale
Konsekvens
Resultatet dersom ei uønskt hending har skjedd.
Konsekvensreduserande sikkerheitstiltak
Tiltak som blir gjorde for å redusere eller avgrense skadeomfanget av ei uønskt hending som har funne stad.
Kontaktpunkt (service)
Dei situasjonane der vi møter kunden og kan yte service
Kontoplanen
Inneheld ei oversikt over alle kontoane med kontonummer, som blir nytta i ein rekneskap
Kontrollspenn
Talet på personar som er direkte underlagde ein leiar
Korrespondanse
All informasjon som blir send med post, manuelt eller elektronisk
Korrupsjon
Å ta imot eller krevje ein fordel utover det ein normalt ville fått i si stilling, og som kan føre til ein urettkommen fordel for givaren på eit seinare tidspunkt.
Kortsiktig gjeld
Gjeld som skal betalast attende i løpet av det nærmaste året
Kostnad
Forbruk av ressursar målt i pengar
Kostnader, direkte
Kostnader som kan knytast direkte til eit produkt
Kostnader, faste
Kostnader som ikkje endrar seg med mengda av sal eller produksjon
Kostnader, indirekte
Kostnader som ikkje har nokon direkte samanheng med det aktuelle produktet
Kostnader, variable
Kostnader som varierer med mengda av sal eller produksjon
Kostnadsbasert prissetjing
Er når vi fastset prisen på produktet vårt med utgangspunkt i dei kostnadene vi har
Kredittavtale
Ein avtale der ein kredittgivar, til dømes ein bank eller eit kortselskap, gir ein kunde kreditt (betalingsutsetjing), til dømes som lån
Kredittkort
Ved bruk blir det ikkje trekt noko beløp frå bankkontoen din. Derimot låner du beløpet av kredittkortselskapet. Dette beløpet må du betale attende innan så og så mange dagar. Gjer du ikkje det, må du betale renter av beløpet
Kryptering
Er å gjere leselege data uleselege gjennom å bruke ein kodenøkkel. For å gjere data leselege igjen må ein ha denne kodenøkkelen.
Krypteringsvirus
Ei skadevare som krypterer filene på ein datamaskin. Filene kan berre opnast igjen med ein kode som berre hackaren har, og du må betale pengar for å få opna dei igjen.
Kundepleie
Noko ei verksemd ser på som akseptabelt å gi eller motta, og der formålet ikkje er å oppnå ein fordel på eit seinare tidspunkt.
Køyre- og kviletidsføresegner
Føresegner for yrkessjåførar om kor ofte dei må ta pausar i køyringa, og kor lange pausane må vere.
Tilbake til toppen

L

Lager
Er ein stad for oppbevaring av varer.
Langsiktig gjeld
Gjeld som skal betalast attende i løpet av meir enn eitt år
Lastberar
Blir brukt for å kunne handtere mange einingar som ei samla eining.
Leveringsservice
Er ulike kriterium som ein transportkjøpar krev at transportørar oppfyller.
Likviditet
Betyr betalingsevne, det vil seie å ha pengar slik at ein kan betale til rett tid
Likviditetsbudsjett
Viser planlagde innbetalingar og utbetalingar for ein kommande periode
Lisens
Beskriv kva rettar opphavsmannen gir andre til å bruke sitt åndsverk.
Logistikk
Handlingar som går ut på å koordinere og styre flyten av varer og menneske
Logistikkoperatør
Yrkestittel for ein person som arbeider med transport av varer. Lasting og lossing, klargjering for sending av gods dessutan dokumentbehandling og kundebehandling er vanlege oppgåver. Utdanning to år på skule og to år i lære, der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i logistikkoperatørfaget.
Tilbake til toppen

M

Mal
Eit dokument som gir eit einsarta oppsett og inneheld noko ferdigskriven tekst
Mangel (forbrukarkjøp)
Dersom vara ikkje stemmer med det som er avtalt – ho har til dømes ein skade
Marknad
Ei gruppe kjøparar og seljarar som forhandlar om bestemte typar varer og tenester
Marknadsbasert prissetjing
Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva kundane er villige til å gi for det
Marknadsføring
Å planleggje og gjennomføre aktivitetar der målet er å få selt produkt som tilfredsstiller behov i marknaden
Marknadskommunikasjon
Verkemiddel vi nyttar for å informere målgruppa om det vi tilbyr
Marknadsmål
Mål for marknadsføringa i det kommande året
Marknadsplan
Ei detaljert utgreiing av marknadsføringa i det kommande året
Marknadsstrategiar
Strategiar for å nå marknadsmåla
Marknadsundersøking
Ei innsamling og ein analyse av data om marknaden
Massemedium
Middel for å spreie ein bodskap til mange menneske over eit stort område på kort tid
Materialgjenvinning
Er når avfall blir behandla slik at det kan brukast til å lage nye produkt.
Medium
Ein kanal for kommunikasjon. Mediet er det som sørgjer for at bodskapen til bedrifta kjem fram til kunden. Det kan til dømes vere ein plakat i ein butikk, internett eller radio
Medverknadsplikt
Den plikta arbeidstakaren har til å følgje alle pålegg som blir gitt for å sikre at arbeidsplassen har eit trygt arbeidsmiljø.
Mentor
Ein utanforståande som har den kunnskapen som trengst for å rettleie andre
Mobile vektartenester
Vektarar som er ute hos kundar på rutinesjekk eller ved utrykking når ein alarm er utløyst.
Moral
Er praktisering av etikken
MSM
Marknadsføring i sosiale medium
Myndigheit (organisasjon)
Retten til å ta avgjerder og gi ordrar
Mål
Ein ønskt tilstand på eit bestemt tidspunkt i framtida
Målgruppe
Den delen av marknaden vi ønskjer å vende oss til i marknadsføringa vår
Tilbake til toppen

N

Naudetatane
Politiet, brannvesenet og helsevesenet
Naudnett
Eit eige digitalt kommunikasjonssystem som skal sikre at naudetatane og andre sikkerheitsaktørar kan kommunisere på ein trygg måte.
Nestenulykke
Ei potensiell uønskt hending
Nettbutikk
Ein interaktiv og virtuell butikk der kundar kjøper varer og tenester direkte frå ein seljar på internett
Nettsky
Lagringsteneste for data på ein ekstern server via internett.
Norm
Ein forventa oppførsel eller ei forventa åtferd menneske imellom.
Tilbake til toppen

O

Objektsikring
Sikkerheitstiltak for spesielle verdiar inne i eit rom.
Omlevering (forbrukarkjøp)
Levering av ei ny, tilsvarande vare
Omløpsmiddel
Eigedelar som ikkje er meinte til varig eige eller bruk
Operativ
Vil seie at ein er i beredskap og klar til innsats til kvar tid.
Opphavsrett
Retten til å bestemme over bruken av eige åndsverk.
Organisasjon
Ei gruppe menneske som arbeider saman mot eit felles mål
Organisasjonsnummer
Inneheld ni siffer. Det er unikt for bedrifta, som eit personnummer er det for oss
Organisasjonsplan
Ei oversikt over fordelinga av arbeidsoppgåver, myndigheit og ansvar i ei verksemd
Organisatorisk arbeidsmiljø
Korleis arbeidet er lagt til rette og organisert, graden av medverknad, graden av fridom i jobben, einsformig eller variert arbeid og arbeidstid
Orm
Eit datavirus som har eigenskapar til å spreie seg sjølv utan å vere avhengig av ein vert.
Overskot
= inntekter – kostnader
Tilbake til toppen

P

Pakkereise
Er eit samansett reiselivsprodukt
Partilast
Er sendingar som går direkte frå avsendarar til mottakarar utan omlasting ved terminalar undervegs.
Passasjerterminal
Er eit areal der passasjerar innleier eller avsluttar reisa si, eller der dei stig om frå eitt transportmiddel til eit anna på veg til reisemålet.
Passord
Ein nøkkel som kan bestå av ulike tal eller bokstavar eller teikn i ei bestemt rekkjefølgje for å gi tilgang til ein ressurs.
Pengebehaldning
Summen av det verksemda har av kontantar i kassa og pengar i banken
Periferisikring
Sikkerheitstiltak rundt det området som verksemda disponerer, som gjerde, portar og bommar.
Personlege medium
Medium verksemda nyttar når ho vender seg direkte og personleg til enkeltindivid
Personopplysningar
Opplysningar som gir utfyllande informasjon om ein person, og som kan føre til at personen blir kjend igjen.
Personvern
Dreier seg om retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
Plagiat
Å bruke eller etterlikne noko andre har laga, og låst som det er ditt eige.
Plugin
Ein programkomponent som legg til ein spesiell funksjon i eksisterande dataprogram
Post, inngåande
Posten som kjem til verksemda
Post, utgåande
Posten som verksemda sender frå seg
Primæraktivitetar
Dei aktivitetane i ei verksemd som tek direkte del i verdiskapinga
Pris
Eit uttrykk for kva ein kjøpar må tilby for eit produkt for at eigaren skal vere villig til å gi det frå seg
Prissetjing, konkurransebasert
Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva konkurrentane våre tek for liknande produkt
Prissetjing, kostnadsbasert
Er når vi fastset prisen på produktet vårt med utgangspunkt i dei kostnadene vi har
Prissetjing, marknadsbasert
Er når vi fastset prisen på produktet vårt etter kva kundane er villige til å gi for det
Produkt
I marknadsføringa bruker vi fellesnemninga produkt om både varer og tenester
Produktavfall
Avfall som oppstår når vi kasserer eit produkt
Produktkalkyle
Viser dei kostnadene produktet påfører verksemda, den fortenesta produktet skal gi, og den utsalsprisen produktet bør ha
Psykososiale lidingar
Psykiske plager der årsaka er forhold mellom menneske
Psykososialt arbeidsmiljø
Sosiale, mellommenneskelege og organisatoriske forhold som påverkar arbeidsevna, helsa og velferda til arbeidstakarane
Påslagstalet
Salspris med meirverdiavgift/inntakskost
Påverknad
Verkemiddel vi nyttar for å informere målgruppa om det vi tilbyr. Vi kallar det også marknadskommunikasjon
Tilbake til toppen

R

Regelverk
Lover, forskrifter og reglar
Regionalt samarbeid
Samarbeid på tvers av fylkes- og kommunegrenser
Reiselivsnæringa
Omfattar alle verksemder som tilbyr reiselivsprodukt.
Reiselivsprodukt
Er varer og tenester som blir tilbodne innanfor overnatting, servering, transport og attraksjonar/opplevingar.
Reisemål
Er ein stad turistar reiser til
Reklamasjon
Klage på ein mangel
Rekneskap
Ei ordna oppstilling over inntekter, kostnader, eigedelar og gjeld
Rekneskapspliktig
Å vere rekneskapspliktig vil seie at du må sende inn årsrekneskapen din til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund
Rekruttering
Å skaffe nye medarbeidarar til ei verksemd
Rente
Kostnaden du må betale for å låne pengar. Renta blir oppgitt som ein prosent av lånesummen
Responsivt design
At nettsida tilpassar seg avhengig av kva slags medium kunden nyttar
Restrisiko
Er den risikoen vi ikkje dekkjer gjennom sikkerheitstiltaka våre.
Resultatbudsjett
Viser det resultatet – overskot eller underskot – verksemda planlegg i ein periode. Derfor kallar vi eit resultatbudsjett også for ein framtidsrekneskap
Retting
At seljaren reparerer vara slik at ho blir slik det er avtalt
Revisjon (sikkerheit)
Å gå gjennom rutinar og måtar vi utfører sikkerheitsarbeidet på, for å avdekkje feil og manglar.
Revisor
Kontrollerer at årsrekneskapen til bedrifter er rett. Ein revisor kan også rettleie og gi råd om økonomi
Risiko
Er ein fare for at noko kan gå gale
Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)
Risikoanalyse for uønskte hendingar og truslar som kan ramme infrastruktur og innbyggjarane i fylke og kommunar.
Risikoanalyse
Ei vurdering av risikonivå gjennom vurdering av forholdet mellom nivåa for sannsyn og konsekvens.
Risikovurdering
Ein systematisk metode for å komme fram til eit risikonivå for ein verdi gjennom fleire trinn som omfattar beskriving av verdien, sikkerheitsmål for verdien, uønskte hendingar for verdien og til slutt risikoanalyse for denne verdien.
Rolle
Forventningar andre har til korleis vi skal oppføre oss i bestemte situasjonar
Romsikring
Sikkerheitstiltak inne i bygningar
RSS-feeder (Really Simple Syndication)
Nyheiter frå ein nettstad som du kan få levert direkte i e-postlesaren eller nettlesaren din eller byggje inn på di eiga nettside.
Rutetransport
Er transport som skjer regelmessig langs faste trasear og er open for alle.
Rutine
Ei arbeidsoppgåve som blir teken opp att mange gonger
Tilbake til toppen

S

Sal
Å vekkje behov for ei vare eller ei teneste og få kunden til å dekkje dette behovet med den løysinga seljaren tilbyr
Sal utanfor den faste utsalsstaden til seljaren
Til dømes dørsal, gatesal, nettsal og sal på messer og utstillingar
Salskanal
Det bedrifta nyttar når ho tilbyr varer og tenester til marknaden. Døme på salskanalar er internett, telefon eller ein fysisk møtestad som ein butikk
Salsprosessen
Fasane i det personlege salsarbeidet: etablere kontakt, avklare behov, argumentere og avslutning
Samfunnssikkerheit
Eit system med mange forskjellige sikkerheitsaktørar som er i beredskap for å handtere uønskte hendingar som kan true verdiane i storsamfunnet.
Samfunnsverdiar
Verdiane i storsamfunnet
Samlastgods
Er gods frå mange avsendarar som skal til mange mottakarar.
Sannsyn
Sjansen for at ei uønskt hending kan skje
Sannsynsreduserande sikkerheitstiltak
Tiltak som reduserer sannsynet for at ei uønskt hending skal skje.
Selskapsavtale
Ein kontrakt som alle andelseigarane må signere
Selskapsform
Set retningslinjene for korleis ei verksemd er organisert, og for ansvaret, risikoen, skattane, rettane og pliktene selskapet har
Sensor (detektor)
Ei teknisk innretning som reagerer på ytre forhold.
Sentraleining
«Hjernen» for dei tekniske sikkerheitstiltaka, som behandlar signal frå fleire sensorar.
Server (tener)
Datamaskin som yter tenester til andre maskinar (klient/brukar) i eit nettverk. Omgrepet «server» blir også brukt om programvara.
Service
Totalopplevinga kunden har i samhandel med ei verksemd som tilbyr varer og tenester
Service (god)
Å gi det kunden forventar, pluss litt til
Sikkerheitsaktør
Privat eller offentleg verksemd som er i beredskap og klar til innsats på kort varsel om uønskte hendingar skulle ramme samfunnsverdiane.
Sikkerheitsansvarleg
Ein person i verksemda som har hovudansvaret for alle forhold knytte til sikkerheita.
Sikkerheitskopi
Ein kopi av datafilene på ein maskin/server som blir lagra på eit eksternt lagringsmedium.
Sikkerheitsmappe
Ei mappe der alle papira som gjeld sikkerheitsarbeidet, blir oppbevarte. Er ein del av internkontrollsystemet til bedrifta.
Sikkerheitsmål
Målbare og realistiske mål for den sikkerheita vi ønskjer verdien skal ha.
Sikkerheitsprosjektering
Er ein metode for sikkerheitsarbeidet i ei verksemd.
Sikkerheitstiltak
Tiltak for å beskytte verdiane våre mot uønskte hendingar som kan true dei.
Sitatretten
Rett til å sitere ein avgrensa del av åndsverket til ein annan
Situasjonsanalyse
Undersøking av dei ulike forholda (arbeidsvilkåra) som påverkar verksemda vår både på godt og vondt
Sjølvkost
= inntakskost (direkte kostnader) + indirekte kostnader
Skadevare (datavirus)
Er eit program med ein skadeleg kode som kan gjere skade på maskinen.
Skalsikring
Ytre sikkerheitstiltak på bygg, som dører og vindaugo
SOFTanalyse
Analysen av arbeidsvilkåra. SOFT er sett saman av forbokstavane i dei engelske orda Strengths, Opportunities, Faults og Threats
Software
Dataprogram med instruksar eller kommandoar som styrer ein datamaskin.
Sosialt arbeidsmiljø
Handlar om korleis dei tilsette meistrar sosiale situasjonar og klarer å kommunisere, delta og samarbeide med kvarandre
Spionvare
Ikkje-godkjende program på datamaskinen som ulovleg hentar inn informasjon om deg.
Sponsor
Ein som ønskjer å bli assosiert med verksemda di og produktet ditt
Storsamfunnet
Menneska som bur i landet vårt, infrastrukturen som får samfunnet til å fungere, og dei prinsippa samfunnet er organisert etter.
Strategi
Eit middel for å nå eit mål
Støtteaktivitetar
Dei aktivitetane i ei verksemd som har som formål å støtte opp under primæraktivitetane
Systemadministrator
Ein person som har utvida fullmakter til å administrere datasystem og nettverk.
Systematisk HMS-arbeid
Eit system for HMS-arbeidet som følgjer eit fast oppsett som gir ei god oversikt og eit system som er lett å følgje og oppdatere. Skal tilfredsstille alle myndigheitskrav til innhald.
Særskilde brannobjekt
Er bygningar med høg risiko for brann og eksplosjon
Søkjemotor
Dataprogram til å søkje etter informasjon på internett.
Søkjestreng
Det du skriv i søkjefeltet i ein søkjemotor
Tilbake til toppen

T

Taksttabell
Viser kva det kostar å reise frå ein avgangshaldeplass til ein endehaldeplass.
Tariffavtale
Ein avtale mellom ei fagforeining og ein arbeidsgivar eller ei arbeidsgivarforeining
TA-system
Eit digitalt system for kjøp, bestilling og handtering av frakt og fraktdokument.
Teknisk kvalitet (teneste)
Kva kunden faktisk tek imot av den som yter tenesta
Tekniske sikkerheitstiltak
Består av elektroniske komponentar, og er stilte inn for å reagere på visse ytre forhold.
Teneste
Eit ikkje-konkret produkt som blir produsert og forbrukt samstundes
Tenestenekt, sjå DoS-angrep
Terrorhandlingar
Er ulovleg bruk av makt eller vald, eller trussel om dette, mot personar og eigedom.
Tillitsvald
Ein arbeidstakar som er vald av andre arbeidstakarar for å vere talspersonen deira og skjøtte interessene deira overfor arbeidsgivaren.
Tilsynsmyndigheit
Offentleg organisasjon som på vegner av styresmaktene har som oppgåve å sjå til at visse lover blir følgde opp i verksemder som er pålagde å følgje lovene.
TONE
Truverd, Objektivitet, Nøyaktigheit, Eigna – metode for kjeldekritikk
Transport
Er å flytte personar og gods frå éin stad til ein annan.
Trojansk hest
Eit tilsynelatande nyttig dataprogram, men som er skadeleg for datamaskinen ved at programmet inneheld datavirus med ein skadeleg kode.
Trunkering
Når vi bruker jokertegnet * i byrjinga eller slutten av eit ord i søkjestrengen.
Trussel
Ein ytre påverknad mot ein verdi som kan gjere at han går tapt eller blir skadd.
Trusselvurdering
Vurderingar av uønskte hendingar som kan true sikkerheita.
Tilbake til toppen

U

Universell utforming
Samfunnet skal vere utforma slik at så mange som mogleg kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.
Urimeleg handelspraksis
Ufine forretningsmetodar som gjer at forbrukarane blir lurte eller pressa til å gjere noko dei ikkje hadde gått med på dersom dei hadde visst betre
Utgift
Når du betaler rekningar, til dømes når du kjøper varer, råvarer, maskinar, bilar og anna som verksemda treng
Utgåande faktura
Faktura verksemda sender til kundane sine
Utgåande post
Posten som verksemda sender frå seg
Uønskt hending
Er noko vi ikkje ønskjer skal skje fordi det utgjer ein trussel mot éin eller fleire av verdiane våre.
Tilbake til toppen

V

Vare Er ein fysisk gjenstand som nokon eig. Eigedomsretten til gjenstanden blir øverført frå ein seljar til ein kjøpar gjennom ein kjøpsavtale.
Vareflyt
Er kretsløpet til ei vare frå opphav til gjenvinning
Varetransport
Er transport av varer internt på godsterminalar og grossistlager.
Variable kostnader
Kostnader som varierer med mengda av sal eller produksjon.
Vedlegg
Eit dokument som viser at vi anten har hatt ei inntekt eller ei utgift
Vedtekter
Reglar som alle eigarane må følgje og ta omsyn til
Velferdsstat
Ei sosial ordning basert på omfordeling av skattar og avgifter som bidreg til å tryggje det økonomiske og sosiale livet til innbyggjarane.
Verdi
Er noko vi ikkje ønskjer at skal bli skadd eller bli borte
Verdikjede
Nemninga på alle dei aktivitetane som er nødvendige for å produsere og selje varer og tenester, og som er med på å skape verdiar for både verksemda og kundane
Verdiløfte
Seier noko om dei verdiane verksemda skal skape for kundane sine, det vil seie kva behov som skal dekkjast
Verneombod
Ein arbeidstakar som er vald av andre arbeidstakarar for å skjøtte interessene deira i saker knytte til arbeidsmiljøet.
Vertikalt samarbeid
Samarbeid mellom ulike ledd innanfor distribusjonen, til dømes mellom ein produsent, ein grossist og nokre detaljistar (butikkar)
Vesentleg mangel (forbrukarkjøp)
Er når hensikta med kjøpet ikkje blir oppnådd
Visjon
Skal seie noko om kva verksemda står for, og kven ho er til for, og samstundes gi eit uttrykk for kva verksemda ønskjer å bli, oppnå og skape
Visuelle verkemiddel
Formidling av informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk
Visum
Er eit løyve til å reise inn i eit land
Tilbake til toppen

Y

Yrkessjåfør
Yrkestittel for ein person som transporterer personar og gods på ein effektiv, sikker, miljøvennleg og økonomisk måte. Utdanning to år på skule og to år i lære, der fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev i yrkessjåførfaget.
Tilbake til toppen

Å

Åndsverk
Er eit menneskeskapt verk som for eksempel ein tekst, eit bilete, eit musikkstykke, ein tale eller ein presentasjon.
Tilbake til toppen