Sammendrag av kapitlet
Kapittel 10 Samfunnssikkerheit
Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for trusselbilete i eit sikkerheitsperspektiv i lys av samfunnsutviklinga.
Sikkerheit er viktig for heile samfunnet. Infrastrukturen må fungere, og det må vere god beredskap ved kriminalitet og ulykker.
Infrastrukturen er alt som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere. Det er materielle verdiar: kommunikasjonssystem som vegar, jernbane, telenett og breiband, og bygningar som skular og sjukehus.
Men samfunnet består òg av ikkje-materielle verdiar. Til dømes er demokrati og velferdsstat sentrale verdiar i det norske samfunnet. Velferdsstat betyr at staten sørgjer for tenester som skule, legehjelp og trygd ved å krevje inn skattar og fordele pengane.
Til saman kallar vi dette storsamfunnet. Storsamfunnet kan rammast av fleire uønskte hendingar, frå krig og terror til naturkatastrofar og trafikkulykker.
For å beskytte oss mot uønskte hendingar, må vi vere i beredskap. Det vil seie at vi har førebudd oss på kva som kan skje. Vi kartlegg truslar og set i verk tiltak, slik som du lærte i kapittel 3.
Stortinget og regjeringa har det øvste ansvaret for sikkerheita i landet. Dei lagar lover om til dømes datakriminalitet, og dei er ansvarlege for det nasjonale nødnettet. Fylkesmannen og kommunane er ansvarlege for sikkerheitstiltak på kommunalt plan.
Figuren nedanfor viser korleis beredskapsarbeidet i storsamfunnet er organisert.
Verksemder som er i beredskap, kallar vi sikkerheitsaktørar. Viktige offentlege sikkerheitsaktørar er politi, brannvesen og helsevesen. Vi kallar dei nødetatane. Slike aktørar må vere godt organisert slik at dei er klare til innsats på kort tid. Vi har òg private sikkerheitsaktørar, som Røde kors og vektarselskap.
Datateknologi skapar nye utfordringar for sikkerheitsarbeidet. Det er vanskelegare å kontrollere informasjon, som falske nyheiter og hatpropaganda. Dessutan kan hackarar angripe viktige datasystem, og kriminelle kommunisere anonymt ved å bruke kryptering.
Globalisering vil seie at varer, tenester, informasjon, menneske og pengar kan bevege seg nesten fritt mellom landa.
Datakommunikasjon har gjort det lettare for kriminelle som vil operere på tvers av landegrensene. Kriminalpolitiet (Kripos) arbeider mykje med kriminalitet som skjer i slike organiserte nettverk. Ei utfordring er òg terrorisme. Terrorgrupper kommuniserer på nettet og kan planlegge angrep i mange forskjellige land.
Globaliseringa har òg samanheng med auka flytting over landegrensene. Det er fleire som migrerer, og fleire som flyktar. Vi treng innvandring fordi befolkninga vår blir stadig eldre. Men viss ikkje innvandrarane kjem i arbeid, kan det skape problem for velferdsstaten.
Klimaendringane har ført til meir uvêr og fare for ulykker som flaum og ras. Fylke og kommunar må derfor planlegge for sikrare bygging av hus og vegar. Dei må òg ha beredskapsplanar for ulykker og naturkatastrofar.