Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 10 Helse, miljø og sikkerheit

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for korleis krav til helse, miljø og sikkerheit påverkar marknads- og servicearbeidet.

Arbeidsmiljøet er alt som påverkar oss på arbeidsplassen. Det kan vere luftkvalitet, arbeidstid og verneutstyr, men også stress og forholdet mellom dei tilsette.

Arbeidsmiljølova seier at alle bedrifter må drive HMS-arbeid. HMS står for helse, miljø og sikkerheit. Arbeidet må vere systematisk, det vil seie at det må føregå regelmessig og følge faste rutinar. Målet er å hindre at dei tilsette blir utsett for skadar og belastningar, både fysisk og psykisk. Vi må òg sikre oss mot brann og arbeidsulykker.

Dersom verksemda ikkje følger lova, kan myndigheitene iverksette straffetiltak:

  • Dagbøter frå arbeidstilsynet
  • Pålegg om å gjennomføre ulike tiltak eller stanse arbeidet
  • Bøter og fengsel for alvorlege tilfelle
  • Stoppe utbetaling av forsikringspremie

Med fysisk arbeidsmiljø meiner vi den tekniske utforminga av arbeidsplassen. Vi må til dømes ha nødvendig sikkerheitsutstyr og rutinar ved brann. Jobbar du i eit serviceyrke, er det viktig å ta pause ofte, at golvet er godt å stå på og at du har gode skor. Kontorplassen må vere godt utforma med mellom anna riktig høgd på pulten, tilpassa datautstyr og hovudtelefonar.

Det psykososiale arbeidsmiljøet er forholdet mellom dei tilsette og mellom leiinga og dei tilsette. Vi deler det i tre:

  • det organisatoriske arbeidsmiljøet
  • det sosiale arbeidsmiljøet
  • det individuelle arbeidsmiljøet

Det organisatoriske arbeidsmiljøet handlar om korleis arbeidet er tilrettelagt og organisert. Viss du har for mykje å gjere, eller viss du ikkje får god nok opplæring, kan du bli stressa og føle at du ikkje meistrar jobben. Det kan gå ut over familieliv og fritid, og det kan gi deg muskelplagar eller søvnplagar.

Det sosiale arbeidsmiljøet handlar om korleis dei tilsette samarbeider og trivst saman. Leiinga har eit stort ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø. Dei må behandle dei tilsette med respekt, og dei må løyse konfliktar som oppstår. Det er også viktig å legge opp til uformell kontakt, som festar, kurs og felles matpausar.

Det individuelle arbeidsmiljøet handlar om at alle medarbeidarane er forskjellige. Nokre treng trygge rammer, andre likar utfordringar; nokre er raske mens andre er meir grundige osv. Leiinga må vere merksam på dette og ta omsyn til ulike personlege behov.