Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Samandrag av kapitlet

Kapittel 2 Finansiering

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere ulike typar finansiering for ei verksemd.

Når vi startar ei verksemd, må vi ha oversikt over kapitalbehovet. Kor mange pengar treng vi for å komme i gang? Deretter kan vi sette opp ein finansieringsplan som viser korleis vi skal skaffe pengane. Kor mange pengar har vi sjølv? Må vi låne noko?

Kapitalbehovet deler vi i anleggsmidlar og omløpsmidlar. Anleggsmidlar er eigedelar til varig eige eller bruk, til dømes bilar, maskiner og anna utstyr. Omløpsmidlar er ting som ikkje er varige, til dømes varelager, bankinnskot og kontantar.

MATBOKSEN UB jobbar heimanfrå og treng ikkje investere i anleggsmidlar, men dei har behov for omløpsmidlar. Dei treng pengar til innkjøp av matboksar, registreringsavgift, marknadsføring, reiseutgifter og diverse kostnader. Totalt har dei eit kapitalbehov på 3200 kroner.

Dei set opp ein finansieringsplan som viser at dei skal selje andelar for 1600 kroner. Resten av kapitalbehovet må dei dekke på annan måte.

Vi har forskjellige typar finansiering:

  • Eigenkapital
  • Pengar frå familie og venner
  • Lån i banken
  • Investorar
  • Sponsorar
  • Etablerartilskot

Låner vi frå familie og venner, slepp vi kanskje å betale rente. Men det er lurt å sette opp ein kontrakt over kva vi har lånt og korleis vi eventuelt skal betale tilbake.

For å få lån i bank må vi vise at vi har eit godt prosjekt. For det første må vi ha litt pengar sjølv, det vi kallar eigenkapital. Det er også viktig å ha ein god forretningsplan og finansieringsplan.

Låner du pengar i banken, får du ei gjeld til banken. Kortsiktig gjeld er lån som skal tilbakebetalast i løpet av eit år. Ofte går det til omløpsmidlar som varekjøp og andre løpande utgifter. Langsiktig gjeld går over lengre tid og har lågare rente. Slike lån får vi viss vi skal investere i større anleggsmidlar.

Vi kan også skaffe pengar frå ein investor (verksemd eller person). Ein investor er villig til å ta risiko, men krev ofte høg rente eller utbytte av overskotet.

Ein sponsor er ein som ønsker å knytast til verksemda di og produktet ditt. Sponsoren hjelper med kapital, og får marknadsføring tilbake. Mange idrettsklubbar får sponsorinntekter mot at dei viser reklame for sponsoren. MATBOKSEN finn ein sponsor som dekker resten av kapitalbehovet på kr 1600.

Etablerartilskot blir delt ut av stat og kommune, og vi kan søke om midlar.