Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Kapittel 1 Etablering

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for etableringa av ei verksemd.

Mange ønsker å starte si eiga bedrift. Dei har ein god idé, og dei ønsker å tene pengar. Ein som startar ei verksemd, kallar vi gründer.

Når vi startar, treng vi ein forretningsidé. Forretningsideen skal fortelje:

  • Kven vi skal selje til. Det vil seie kven som er målgruppa vår.
  • Kva behov vi skal dekke hos målgruppa.
  • Kva produkt vi skal tilby for å dekke dette behovet.
  • Kva som er spesielt med vår løysing på behovet. Det vil seie kva fortrinn vi har.

Du kan lese meir om forretningsideen i Marknadsføring og sal, kapittel 2.

Vi bør også planlegge korleis vi skal selje produkta våre, og kva kostnader vi må dekke. Da lagar vi ein forretningsmodell.

Forretningsmodellen skal gi svar på desse spørsmåla:

  • Kven blir kundane dine?
  • Kva behov skal du dekke / problem skal du løyse?
  • Kva verdiar gir du til kundane?
  • Kva gjer produktet unikt?
  • Korleis skal du selje?
  • Korleis skal du ta betalt?
  • Kva kostnader skal du dekke?
  • Kven kan hjelpe deg?

MATBOKSEN UB har som forretningsidé å selje matboksar til småbarnsforeldre. Det skal dekke eit behov for å bevare maten frisk og utan søl. Dei planlegg å selje gjennom direktesal, og dei må dekke kostnader til både innkjøp og drift.

Det er viktig å finne ut kva som gjer oss unik – kva som gir oss eit fortrinn framfor konkurrentane. MATBOKSENs produkt er unikt fordi det har to rom, er laga av eit miljøvennleg materiale og har eit morsomt design. Verdien dei gir til kundane er eit miljøvennleg produkt som tek vare på matpakketradisjonen.

Ein forretningsplan er ein meir detaljert plan som skal brukast i den daglege drifta. Vi treng den også viss vi skal søke om lån. Forretningsplanen inneheld desse punkta:

  • Forretningsidé – Presentere forretningsideen og visjonen og måla for verksemda.
  • Marknadsplan – Ei beskriving av marknaden, situasjonsanalyse, marknadsmål og marknadsstrategi. Marknadsplanen kan du lese meir om i Marknadsføring og sal, kapittel 2.
  • Organisering – Beskriving av korleis verksemda skal drivast. Til dømes kva vi treng av lokale og utstyr, og korleis arbeidsfordelinga skal vere.
  • Økonomi – Beskriving av kapitalbehovet, finansiering, priskalkylar og budsjett.

Visjonen viser kva verksemda står for og skal fungere som motivasjon for medarbeidarane. Han spelar ofte på kjensler og draumar. Eit døme er «Make people happy!» (Disney). Eit mål er meir konkret. Det kan til dømes vere å auke omsetninga eller å ha ein miljøvennleg profil.

Alle verksemder må registrerast i Brønnøysundregistera. Ved registreringa vel du selskapsform. Dei vanlegaste selskapsformene er:

  • Ungdomsbedrift (UB)
  • Enkeltpersonføretak (ENK)
  • Ansvarleg selskap (ANS/DA)
  • Aksjeselskap (AS)

Ein må vere 18 år for å starte ei verksemd. Ungdomsbedrift skal registrerast via Ungt Entreprenørskap og med læraren som ansvarleg.

Enkeltpersonføretak er den enklaste selskapsforma. Du står sjølv økonomisk ansvarleg. Dersom du taper pengar, må du dekke dette sjølv. I ansvarleg selskap deler ein ansvaret med den ein startar verksemda saman med. I eit aksjeselskap er det styret som er ansvarleg. Her risikerer ein berre å tape det ein har betalt inn som aksjekapital.

Jo større ei verksemd er, jo strengare er krava til rekneskap og revisjon. Aksjeselskap er rekneskapspliktig og revisorpliktig. Det vil seie at dei må sende inn rekneskap som er godkjent av ein revisor til Brønnøysund kvart år. Ein revisor kontrollerer at årsrekneskapen til ei verksemd er riktig.

Ansvarlege selskap og enkeltpersonføretak er også rekneskapspliktige.