Sammendrag av kapitlet
Kapittel 8 Netthandel
Kompetansemål: Du skal kunne vurdere kva som krevst for å etablere og drifte netthandel.
Ein nettbutikk har fleire fordelar. Ein treng ikkje leige ein fysisk butikk, og ein kan nå kundar over eit stort område. Men sjølv om det er enkelt å opprette ei nettside, må vi ha god kunnskap om marknadsføring og forretningsdrift.
Som med alle andre bedrifter må vi ha ein klar forretningsidé. Har vi eit godt produkt, og er det behov for det i marknaden? Kven er målgruppa for produktet vårt, og korleis skal vi nå denne målgruppa?
Vi må òg ordne kapital og finansiering. Dette kan du lese om i boka Administrasjon og økonomi. Dessutan må vi bestemme domenenamn og korleis sida skal lagrast.
Det finst fleire gode ferdigløysingar for å lage nettbutikk. Det kan òg vere smart å lagre sida på webhotell, som er ei rimeleg og sikker løysing.
Når du lagar nettbutikken, må du hugse på:
- Nettbutikken må ha responsivt design
- Nettbutikken må tilpassast målgruppa
- Nettbutikken må oppfattast som trygg
- Nettbutikken må ha nødvendige tilleggstenester
Responsivt design vil seie at sida tilpassar seg forskjellige skjermar: pc, nettbrett og mobil. Layout, fargar og språk må passe for målgruppa og sjå oppdatert ut. Det må òg vere enkelt å manøvrere seg fram og tilbake på sida.
Den viktigaste tilleggstenesta er betalingsløysing. Ho bør dekke dei vanlegaste korta, som VISA og Mastercard. PayPal er òg ei vanleg betalingsform.
Ei god betalingsløysing gjer at kunden oppfattar sida som trygg. Han må vite at informasjonen han gir, ikkje kan bli misbrukt. Hugs å alltid oppgi kontaktinformasjon som kunden kan bruke viss det oppstår problem.
Det er viktig å marknadsføre nettbutikken, slik at vi får kundar. Marknadsføringa har desse oppgåvene:
- Korleis få besøkarar til sida vår?
- Korleis få dei til å kjøpe?
- Korleis få dei til å skaffe nye kundar?
For å gjere sida vår kjent og få mange besøkande kan det vere lurt med annonsar på ein søkemotor, til dømes Google. Slike annonsar er ikkje spesielt dyre, og du bestemmer sjølv kor mykje pengar du vil annonsere for. Vidare marknadsføring kan skje ved å bruke blogg og ved å integrere nettbutikken med sosiale medium. Da kan kundane våre bidra til å skaffe nye kundar.
Gode løysingar for lager og transport er viktig for at kunden skal få varene raskt. Dette kallar vi distribusjon og logistikk. Ein kan til dømes samarbeide med kjente distributørar som Bring og DHL. Å ha eige lager er dyrt og komplisert, så det kan lønne seg å ha avtale med grossistar og produsentar. Da er det også dei som sørgjer for distribusjonen. Ulempa er at vi får mindre forteneste på kvart sal.
Riktig drift av nettbutikken er viktig. Sidene må heile tida oppdaterast, og vi må finne ut kva som kan forbetrast. Det er også viktig at den tekniske løysinga er stabil. Opplever kunden tekniske problem, er det store sjansar for at han avbryt handelen.