Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 2 Sikkerheit

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere fysiske, tekniske og administrative tiltak for å sikre verdiar i ei verksemd.

Ein verdi er noko vi ikkje ønsker skal bli skadd eller bli borte. Det kan vere materielle verdiar, som bygningar eller maskiner, eller ikkje-materielle verdiar, som helsa og kompetansen til dei tilsette.

Ei uønskt hending er noko vi ikkje ønsker skal skje, fordi det utgjer ein trussel mot verdiane våre. Til dømes er eit innbrot i garasjen vår ei uønskt hending. Det truar bilane ved at dei kan bli stolne eller øydelagde.

ST 2_1 Uønskt hending.jpg

Med sannsyn meiner vi sjans en for at noko kan skje. Vi deler inn i dei tre sannsynsnivåa lågt, middels og høgt. Viss det er stor sjanse for at ei uønskt hending skal inntreffe, seier vi at sannsynet er på eit høgt nivå.

Resultatet av ei uønskt hending kallar vi konsekvens. Vi deler også konsekvensnivået inn i tre grader: lågt, middels og høgt.

Risiko er ein fare for at noko kan gå gale. Ved risikovurdering må vi sjå på både sannsyn og konsekvens. Kanskje er det lite sannsyn for innbrot i garasjen vår, men viss det først skjer, er konsekvensen stor.

Samanhengen mellom risiko, sannsyn og konsekvens kan vi skrive slik:

Risiko = sannsyn ∙ konsekvens

Alle verksemder må jobbe for at risikoen skal bli minst mogleg. Dette arbeidet kallar vi sikkerheitsprosjektering.

Vi set i verk sikkerheitstiltak for å beskytte verdiane våre. Det kan vere fysiske sikkerheitstiltak, til dømes verneutstyr og nødutgangar. I tillegg kan vi ha tekniske sikkerheitstiltak. Det er alarmar og sensorar som reagerer på bevegelse eller varme. Til dømes kan vi ha sensorar som varslar brann og som set i gang eit overrislingsanlegg.

ST 2_2 Uønskt hending med tiltak.jpg

Vi deler området til verksemda inn i forskjellige delar, frå ytst til inst. Periferisikring er sikkerheitstiltak rundt området, og kan vere gjerde, portar og bommar. Arealsikring er sikkerheitstiltak på området mellom periferien og bygningane, slik som lyskastarar og kamera. Skalsikring er ytre sikkerheitstiltak på bygningar, som dører og vindauge. Romsikring er sikkerheitstiltak inne i bygningane. Døme er alarmar og sensorar. Objektsikring er sikkerheitstiltak for gjenstandar inne i eit rom, til dømes ein safe for å sikre pengar eller nøklar.

ST 2_3 Områdesikring.jpg

Det er også viktig at dei tilsette har gode rutinar og får opplæring i sikkerheit. Dette kallar vi administrative sikkerheitstiltak. Til dømes kan vi ha rutinar for at alle besøkande må registrere seg, og for korleis sistemann skal låse etter seg og sette på alarm.