Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 9 Verdikjeda for produktet

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for verdikjeda for eit produkt.

Eit produkt er resultatet av ein prosess eller verdikjede. Verdikjeda består av mange aktivitetar, og alle er med på å skape verdien av produktet. Ein drone blir til dømes sett saman av delar som blir kjøpt inn frå ulike produsentar. Han må òg marknadsførast før han blir seld og sendt til kunden. Verdien av dronen er derfor høgare enn verdien av dei enkelte delane han er sett saman av.

Verdikjeda er viktig når vi vil finne ut korleis produksjonen kan bli meir effektiv. Kan vi til dømes spare noko på å bytte lager? Eller bør vi satse på ny teknologi til produktet vårt? Målet er å oppnå størst mogleg fortenestemargin, det vil seie å tene mest mogleg på verksemda.

Vi deler verdikjeda opp i primæraktivitetar og støtteaktivitetar.

MS 9_1 Verdikjedemodellen.jpg

Primæraktivitetar er dei grunnleggande aktivitetane i bedrifta:

  • inngåande logistikk
  • drift
  • utgåande logstikk
  • marknadsføring og sal
  • service

Inngåande logistikk er til dømes råvarer eller delar som kjem inn på lager. Sjølve produksjonen og vedlikehald av maskiner er drifta, mens lagerhald og distribusjon ut til kundane er utgåande logstikk. Produktet må også marknadsførast og seljast, og ein må ha eit service-system for support eller reparasjon når produktet ikkje verkar eller går sund.

Støtteaktivitetar varierer frå bedrift til bedrift. Dei viktigaste er

  • leiing og økonomistyring
  • personaladministrasjon
  • teknologiutvikling
  • innkjøp

Store bedrifter har meir støtteaktivitetar enn små. Leiing og økonomistyring kan vere til dømes dagleg leiar og økonomiavdeling. Økonomiavdelinga set opp budsjett, fører rekneskap og sørgjer for gode rutinar for økonomistyring. Personaladministrasjon (HR-avdeling) er folk som jobbar med å tilsette nye medarbeidarar og som fører kontroll med arbeidstid, lønn, permisjonar osv. Teknologiutvikling vil seie at bedrifta investerer pengar i å forbetre teknologien eller utvikle ny. Innkjøpsavdelinga administrerer alt som må kjøpast inn, frå råvarer og maskiner til kontorustyr.

Fortenestemargin er det vi tener for kvar krone vi sel for. Vi reknar det ut ved å finne differansen mellom dei verdiane vi produserer og dei kostnadene vi har.