Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 3 Rekruttering

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for korleis verksemder rekrutterer og tilset.

Å rekruttere vil seie å skaffe nye medarbeidarar. Det er viktig å tilsette rett person til rett jobb. Derfor må bedrifta ha gode rutinar og følge ein rekrutteringsprosess:

  1. Gjennomgå stillingsbehovet
    Treng vi ein ny medarbeidar? Kva treng vi? Har vi råd?
  2. Skaffe søkarar
    Vi kan ha annonse i avisa, headhunte eller bruke elektroniske basar som LinkedIn og NAV. Nokre bedrifter bruker òg profesjonelle bemanningsbyrå som ordnar heile prosessen.
  3. Ta imot og sile ut søknader
    Alle som har sendt søknad, må få ei stadfesting på at søknaden er motteken. Søknadene blir sortert i aktuelle og ikkje aktuelle søkarar ut frå kvalifikasjonar og eigenskapar. Det blir sett opp ei prioritert søkarliste.
  4. Kalle inn og intervjue utvalde søkarar
    Dei mest aktuelle søkarane blir kalla inn til intervju. Kanskje må det kallast inn til andre gongs intervju også.
  5. Kontrollere opplysningar
    Referansar og andre opplysningar må sjekkast.
  6. Tilby stillinga
    Vi teiknar arbeidskontrakt med den som blir tilsett og sender brev til dei som ikkje fekk jobben.

Den som søker, må skrive ein søknad som blir lagt merke til. Både søknadsbrev og CV må vere ryddig sett opp. Det er viktig å få fram kva slags erfaring du har og kvifor du er interessert i jobben. Sjekk at søknaden svarer på det utlysninga spør om. NS 4129 er ein standard som viser korleis ein set opp brev.

Referansar er viktig å oppgi i søknaden. Det kan vere tidlegare arbeidsgivar eller andre som kjenner deg i ein jobbliknande samanheng. Hugs at du må spørje dei du oppgir om lov.

Når du skal til intervju, må du vere godt førebudd. Les gjennom søknaden din ein gong til, og søk opp informasjon om bedrifta. På intervjuet må du vise interesse for stillinga. Det er viktig å tenke igjennom vanskelege punkt, og korleis du kan svare på ein ærleg, men positiv måte.

Nokre tips:

  • Ta med kopi av attestar som arbeidsgivaren kan få
  • Kle deg ordentleg
  • Møt til rett tid
  • Hugs avdeling og kontaktperson du skal til
  • Gi eit fast handtrykk og ha god augekontakt

Arbeidsgivar og arbeidstakar skriv under ein arbeidskontrakt. Arbeidsmiljølova seier at ein kontrakt skal innehalde opplysningar om innhaldet i stillinga, lønn, tidspunkt for start og slutt, oppseiingsfristar og eventuell prøvetid.