Sammendrag av kapitlet
Kapittel 7 Salskanalar og digitale medium
Kompetansemål: Du skal kunne bruke digitale medium og ulike salskanalar i sal og marknadsføring.
Vi kan selje produkta våre på forskjellige måtar. Vi kan ha ein butikk, vi kan drive med dørsal eller selje via telefon. Dette kallar vi fysiske salskanalar, fordi vi har fysisk kontakt med kunden. Men vi kan òg bruke internett: heimeside, nettbutikk, e-post til kundar osv. Det kallar vi digitale salskanalar.
I dag er nettbutikkar ein viktig salskanal. Vi kan òg ha ein app for produkta våre. Ein app kan brukast til sal, til dømes av bussbillettar. Men ofte er han ei tilleggsteneste eller marknadsføringskanal. Vi kan til dømes ha tilbod eller rabattordningar på appen som blir brukt i ein fysisk butikk.
Med e-post eller SMS kan vi sende ut spesielle tilbod til kundane. Det kallar vi direkte marknadsføring, fordi vi kommuniserer direkte med einskildkundar. Direkte marknadsføring er ein veldig effektiv salskanal, men det krev at vi har ein base over kundane våre.
Vi kan òg selje produkta våre gjennom andres nettsider. Det kallar vi òg tredjeparts nettstader. Eit døme er annonse på FINN eller Amazon. Dette er ein rimeleg måte å drive nettsal på, men det vil ikkje hjelpe oss til å gjere firmanamnet eller varemerket vårt kjent.
Med digitale medium kan vi marknadsføre oss til «uendeleg» mange, ofte utan store kostnader. Digitale medium deler vi inn i tre typar:
- eigde medium, til dømes eiga heimeside
- kjøpte medium, til dømes annonsar på andres heimesider
- fortente medium, til dømes bruke sosiale medium
Vi må velje rett medium etter kva vi ønsker. Vil vi gjere produkta kjent, vil vi oppnå raskt sal, eller vil vi bygge kundelojalitet?
Eigde medium er medium vi eig sjølv – det mest vanlege er ei heimeside. Heimesider blir brukt både som salskanal og til å gjere produkta kjent. Det er ikkje dyrt å lage ei enkel heimeside, men vi må hugse på at det tek mykje tid å utvikle ei god side og oppdatere henne.
For at mange skal finne fram til sida vår, kan vi søkemotoroptimalisere henne (SEO). Da vil ho komme høgt opp på Google-treff. Men dette er ein arbeidskrevjande jobb.
Kjøpte medium vil seie at vi kjøper annonseplass i andres medium. Vi kan til dømes ha reklameannonse i ei nettavis eller på Google, eller vi kan ha ein reklamefilm på Youtube. Kjøpte medium er dyrt, men det kan lønne seg dersom vi vil ha raskt sal.
Med fortente medium tenker vi på sosiale medium og blogg. MSM er forkorting for marknadsføring i sosiale medium. Desse media er gratis, og dei er fine til å bygge opp kundelojalitet. Det vil seie at vi knyter kontakt med kundane og kommuniserer personleg med dei. Vi snakkar om at vi forsterkar forholdet til kundane eller driv relasjonsbygging. Målet er ofte å auke salet på lang sikt og skaffe faste kundar.
Det er raskt og enkelt å legge ut informasjon på Facebook eller ein blogg, slik at vi kan tilpasse bodskapen til ulike målgrupper. Blir det populært, kan det få ein viral effekt fordi det blir delt vidare. Men det tek mykje tid å drive ein profil eller ein blogg, og vi kan òg oppleve negative kommentarer frå brukarane.