Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 4 Pris

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere prisen på eit produkt ut frå kostnader, marknad og konkurrentar.

Alle verksemder må tene pengar på det dei skal selje. Dei må ha eit overskot. Det vil seie at inntektene må vere større enn kostnadene:

Overskot = inntekter – kostnader

Pris er viktig for at vi skal gå med overskot. Viss prisen er låg, vil vi kanskje selje mykje, men vi tener lite per selde produkt. Viss prisen er høg, tener vi meir, men vi vil kanskje ikkje selje nok til at det blir overskot.

Å bestemme prisen kallar vi prissetting. Vi kan til dømes sjå på kva konkurrentane tek, og legge prisen i nærleiken av dei. Det kallar vi konkurransebasert prissetting. Marknadsbasert prissetting vil seie at vi ser på kva produktet vårt er verdt i marknaden. Kva er den høgaste prisen kunden er villig til å betale? Her kan vi til dømes gjere ei marknadsundersøking.

Dei fleste bedrifter vurderer både konkurransen og marknaden når dei fastset pris. I tillegg bruker dei produktkalkylar for å rekne ut prisen. Produktkalkylen har med kostnadene, slik at vi er sikre på at vi får overskot.

Kostnadene deler vi i to typar, direkte og indirekte kostnader. I ei handelsbedrift er dei direkte kostnadene det det kostar å få vara inn på lager, det vil seie varekostnad + frakt og toll. Dette kallar vi også inntakskost. Til dømes er inntakskosten for kvar boks MATBOKSEN importerer

9 kr + 3 kr (frakt) = 12 kr

Dei indirekte kostnadene er kostnader som ikkje er direkte knytt til produktet. Døme er husleige, straum, telefon og marknadsføring. Vi reknar dei indirekte kostnadene som ein prosentdel av dei direkte kostnadene. MATBOKSEN sette dei indirekte kostnadene til 10 %:

12 kr x 10 % = 1,20 kr

Når vi legg saman dei direkte og indirekte kostnadene kjem vi fram til sjølvkosten til vara, det vil seie kva vara «eigentleg» kostar. MATBOKSENs sjølvkost per eining blir da

12 kr + 1,20 kr = 13,20 kr

Sjølvkostkalkylen bygger på sjølvkosten og legg til ei forteneste. Fortenesta kan til dømes vere 40 %. Da kjem vi fram til salsprisen til vara.

Sjølvkostkalkyle for MATBOKSEN:

Inntakskost 12,00
+ Indirekte kostnader 10 % 1,20
= Sjølvkost 13,20
+ Forteneste 40 % 5,30
= Salspris u. mva. 18,50

Avansemetoden går ut frå inntakskost og legg til ein avanse.

Avansen = indirekte kostnader + forteneste

AØ 4_1 Sjølvkost og avanse.jpg

Avansen kan til dømes vere 55 %.

Avansemetoden for MATBOKSEN:

Inntakskost 12,00
+ Avanse 55 % 6,60
= Salspris u. mva. 18,60

For begge desse metodane må vi legge til meirverdiavgift for å komme fram til det kunden skal betale. Ungdomsbedrifter skal ikkje betale meirverdiavgift, men dersom vi legg til 25 % meirverdiavgift i MATBOKSENs kalkyle etter avansemetoden, ser vi at salsprisen blir 23,25 kroner.

Salspris u. mva. 18,60
+ 25 % mva. 4,65
= Salspris m. mva. 23,25

Påslagstal er ein metode som dekker både indirekte kostnader, forteneste og meirverdiavgift.

Påslagstal = salspris m. mva. / inntakskost

Snur vi på formelen, får vi:

Salspris m. mva. = inntakskost x påslagstal

Bruker vi MATBOKSENs kalkyle etter avansemetoden, kjem vi fram til påslagstalet slik:

23,25 / 12,00 = 1,94 som vi forhøgjer til 1,95

Utsalspris m. mva. blir da: kr 12,00 x 1,95 = kr 23,40

Når MATBOKSEN sel produktet sitt for 100 kroner u. mva., har dei fastsett prisen ut frå kva konkurrentane tek for liknande produkt og kva marknadsundersøkinga deira viste at kundane var villige til å betale. Dei har brukt både konkurransebasert og marknadsbasert prissetting. I tillegg viser sjølvkostkalkylen at dei har ei god forteneste på produktet.