Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 7 Organisasjonsplanar og HMS

Kompetansemål: Du skal kunne gjere greie for ein organisasjonsplan og kva rolle leiaren har i HMS-arbeidet.

Verksemder er organisert på forskjellige måtar. Nokre har berre éin sjef, mens andre har mange avdelingar og fleire sjefar. Når vi snakkar om korleis verksemder er organisert, ser vi på verksemda som ein organisasjon.

Dei tilsette i organisasjonen har forskjellige roller. Dei utfører ulike arbeidsoppgåver, etter kva slags kompetanse og interesser dei har. Dette kallar vi arbeidsdeling. Dei tilsette har ansvar for kvar sine arbeidsoppgåver.

Organisasjonsplanen viser arbeidsdelinga i organisasjonen og kven som har myndigheit over andre. Å ha myndigheit vil seie å ha rett til å bestemme og gi ordrar. Kommandolinjene i planen viser kven som har myndigheit over kven. Vi kallar det også hierarki.

Den enklaste organisasjonstypen er linjeorganisasjon. Små firma har ofte ein slik organisasjon. Det er faste kommandolinjer, og den øvste leiinga består av éin person.

Figuren nedanfor viser ein linjeorganisasjon.

AØ 7_1 Linjeorganisasjon.jpg

Butikksjefen har myndigheit over dei som er under han. Men han har også gitt frå seg myndigheit til avdelingsleiarane. Det kallar vi å delegere. Talet på personar som ligg under ein leiar, kallar vi kontrollspenn. Viss avdelingsleiaren tilset ein kundarettleiar til, får han større kontrollspenn.

Større bedrifter har ofte linje- og stabsorganisasjon. Ein stab er ein støttefunksjon til leiinga. Det kan vere ein personalsjef, eller det kan vere ei IT-avdeling. Staben kan ikkje gi ordrar i organisasjonen, men han kan gi råd til leiinga.

På figuren nedanfor er Personalsjef/Sekretær staben.

AØ 7_2 Linje og stabsorganisasjon.jpg

Somme gongar må ein samarbeide på tvers i organisasjonen. Det kallar vi prosjektorganisasjon. Det kan til dømes vere ei spesiell oppgåve der dagleg leiar treng å samarbeide med sals- og marknadssjefen og sjefen for innkjøp og logistikk. Med seg har dei også ein sekretær frå staben. Når jobben er gjort, blir prosjektgruppa oppløyst.

Figuren nedanfor viser ein prosjektorganisasjon.

AØ 7_3 Prosjektorganisasjon.jpg

Nokre bedrifter har ein slik organisasjon bestandig. Det kallar vi teamorganisering. Da er det ikkje faste kommandolinjer, men forskjellige team som blir sett saman for ulike oppgåver. Fordelen med ein slik organisering er at verksemda kan forandre seg etter kva slags oppgåver den har. Vi seier at organisasjonen blir meir fleksibel og dynamisk. Det kan gjere han meir effektiv.

HMS står for helse, miljø og sikkerheit. Det er leiaren som er ansvarleg for HMS-arbeidet i verksemda (sjå Marknadsføring og sal, kapittel 10 og Sikkerheit og transport, kapittel 4). Mange bedrifter har også ei personalavdeling eller HR-avdeling (Human Resources) som har ansvar for HMS-arbeidet.

Inkluderande arbeidsliv (IA) blei innført i 2000. Målet med ordninga er å redusere sjukefråveret og gjere det lettare for eldre og folk med redusert arbeidsevne å jobbe. Avtalen seier mellom anna at arbeidsgivaren skal følge opp sjukefråver, og at arbeidstakar og arbeidsgivar skal sette opp ein plan dersom sjukefråveret blir langvarig.