Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 6 Rekneskap

Kompetansemål: Du skal kunne føre enkle rekneskap og følge gjeldande regelverk for rekneskapsføring.

Når ein periode er over, set vi opp ein rekneskap. Det er ei oversikt over alle inntektene og kostnadene vi har hatt, og det viser resultatet i verksemda. Som regel fører vi rekneskap for kvar månad og for kvart år.

Bilag er grunnlaget for rekneskapen. Eit bilag er eit dokument som viser at vi har hatt ei inntekt eller ei utgift. Bilag kan vere kvitteringar, bankutskrifter osv.

Når vi fører rekneskapen, bruker vi kontoar. Ein konto er eit oppsett med debet til venstre og kredit til høgre. Alle bilag skal førast både til debet og kredit. Dette kallar vi dobbel bokføring.

AØ 6_1 Konto.jpg

Balansen viser kva eigedelar vi har, og korleis desse er finansiert. Rekneskapen startar med inngåande balanse (IB) og blir avslutta med utgåande balanse (UB).

Balanselikninga: Eigedelar = eigenkapital + gjeld

AØ 6_2 Balanse.jpg

Figuren under viser rekneskap for MATBOKSEN. Pilene viser korleis kontoane blir summert og ført til balansen og resultatet.

AØ 6_3 Rekneskap.jpg

Rekneskapsarbeidet består av tre punkt: opne kontoane, føre bilag og avslutte kontoane.

  1. Opne kontoane
    Vi startar med å finne kva kontoar vi treng. Nummer og namn på kontoane finn vi i NS 4102, som er ein nasjonal kontoplan. Eigedelskontoar (klasse 1) begynner med talet 1, kontoane for eigenkapital og gjeld (klasse 2) begynner med talet 2, kostnadskontoar (klasse 4, 5, 6, 7 og 8) begynner med tala 4, 5, 6, 7 eller 8 og inntektskontoane (klasse 3 og 9) begynner med tala 3 eller 9. Vi fører inn inngåande balanse (IB) på første linje. Eigedelane står alltid som debet på eigedelskontoar, og som kredit på eigenkapital.
  2. Postere bilaga
    Vi nummererer bilaga og fører lik sum både til debet og kredit. Bilaga bør oppbevarast i ein perm i nummerrekkefølge.
  3. Avslutte kontoane

    Vi summerer debet- og kreditsida til alle kontoane på linja «Råbalanse».

    På linja «Til RESULTAT» fører vi differansen mellom debet- og kreditsida på kostnads- og inntektskontoane. Vi seier at vi salderer kontoen slik at kontoen kjem i balanse med lik sum på kvar side. Beløpa fører vi til konto for resultat, som blir saldert for å finne resultatet. Resultatet fører vi tilbake til konto for eigenkapital.

    På linja «Til BALANSE» salderer vi kontoane for eigedelar og gjeld. Beløpa blir ført til konto for balanse, som viser den utgåande balansen (UB).

    Som ein kontroll summerer vi til slutt debet- og kreditsida til kontoane på linja «Sum». Dei skal vere like, slik at kvar konto balanserer.

Rekneskapslova og bokføringslova gir reglar for korleis verksemder skal føre rekneskap.