Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 1 På jakt etter informasjon

Kompetansemål: Du skal kunne bruke digitale verktøy til innhenting, tilarbeiding og presentasjon av informasjon.

Det er mykje informasjon på internett, og det er lett å søke etter alt vi vil vite. Men ikkje alt vi finn, er brukbart. Det kan vere feil, eller det er ikkje nyttig for oss.

Det er viktig å lære seg kjeldekritikk. Det vil seie at vi vurderer den informasjonen vi finn. Ein hugseregel er TONE. Det står for

  • truverd
  • objektivitet
  • nøyaktigheit
  • eigna

Tuverd vil seie at vi kan stole på kjelda. Vi må vite kven som har laga sida eller lagt ut innhaldet. Informasjon frå offentlege eller etablerte private institusjonar, som universitet eller store aviser, kan vi som regel stole på. Privat informasjon, som bloggar eller wikipedia-artiklar, må sjekkast nøyare.

Objektivitet betyr at informasjonen er nøytral, han prøver ikkje å påverke oss på ein bestemt måte. Reklame er ikkje objektiv, mens produkttestingar er objektive.

Nøyaktigheit betyr at informasjonen er presentert på ein ordentleg måte. Viss sida har dårleg språk eller ser uprofesjonell ut, får vi mistanke om at avsendaren er useriøs.

Eigna vil seie at du har bruk for informasjonen. Vi kan få mange treff, men vi må sjekke alt og sjå om det er brukbart i den samanhengen vi skal bruke det.

Kjeldekritikk kan hjelpe oss å avsløre falske nyheiter eller hoax-ar (løgnnyheiter).

Når vi legg ut innhald på sosiale medium eller heimesider, må vi også følge nokre reglar. Vi må mellom anna hugse på personvernet. Vi har ikkje lov til å dele bilete av andre utan å spørje dei om lov.

Vi må òg hugse på opphavsretten. Du kan ikkje berre finne bilete, musikk og videoar og publisere det vidare. Dei som har laga dette har opphavsretten til det, og bestemmer over det dei har laga. Derfor må du spørje om lov først. Men viss stoffet har CC-lisens, kan du bruke det fritt.

Når du skriv skuleoppgåver, er det viktig at du lagar din eigen tekst. Du kan ikkje kopiere det andre har skrive. Det blir kalla plagiat. Men du kan bruke kjelder og sitere nokre setninger frå dei. Du må også oppgi kjeldene i ei eiga kjeldeliste.