Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 9 Forbetringstiltak

Kompetansemål: Du skal kunne føreslå og vurdere tiltak for å gjere drifta enda betre i ei verksemd.

Alle verksemder kan forbetre seg. Forbetringstiltak er tiltak som ein set i verk for å rette opp svakheiter. Det vil seie at verksemda oppdagar noko som fungerer dårleg, og gjer noko for å få det betre. Målet er å gjere drifta meir effektiv og lønnsam.

Eit forbetringstiltak kan vere noko stort og komplisert, som å finne ein ny leverandør eller tilsette ein ny leiar. Men det kan òg vere enkle ting, som å rose kvarandre meir eller bruke program på ein smartare måte. Det er viktig at alle i ei bedrift kan komme med forslag til forbetringar.

Når vi føreslår forbetringstiltak, må vi først analysere situasjonen. Det er vanleg å ta utgangspunkt i Porters verdikjedemodell (sjå Marknadsføring og sal, kapittel 9).

AØ 9_1 Verdikjedemodellen.jpg

MATBOKSEN såg på dei forskjellige punkta i bedrifta si, og fann mellom anna dette:

  1. Utgåande logistikk: Garasjen dei lagrar boksane i, er for fuktig, slik at nokre esker er blitt øydelagde.
  2. Drift: Produktet har fått kritikk fordi trekket er sydd ved ein fabrikk som har dårlege arbeids- og lønnsforhold. Kan skade folks oppfatning og gå ut over salet.
  3. Økonomistyring: Amir ligg etter med rekneskapen, slik at den økonomiske styringa blir for dårleg.

Ut frå dette kom dei fram til forskjellige forbetringstiltak:

  1. Undersøke om boksane kan lagrast på skulen. Må finne ei løysing på at skulen er stengt i helgene.
  2. Vanskeleg å gjere noko med dette på kort sikt. Må prøve å påverke produsenten i Polen, og kanskje gi delar av overskotet til arbeid mot uforsvarleg produksjon.
  3. Amir bør få betre opplæring, til dømes på rekneskapskurset til Ungt Entreprenørskap. Alle må bli flinkare til å ta vare på bilag og gi dei vidare til Amir.