Sammendrag av kapitlet
Kapittel 7 Sikkerheit ved transport
Kompetansemål: Du skal kunne vurdere sikkerheit for transport av personar, varer og tenester.
Det er fleire lover som bestemmer krava til transportsikkerheit. Dei viktigaste er vegtrafikklova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova.
Alle som jobbar med transport, må ta ansvar for sikkerheit. Det gjeld sjåførar, men òg medarbeidarar på gods- og passasjerterminalar. Alle har ansvar for passasjerar, køyretøy, bagasje og gods. Dei som jobbar på lager, er ansvarleg for varer og lastberarar (pallar og konteinarar).
Sjåførar har òg ansvar for trafikksikkerheit. Dei må utføre teknisk kontroll av køyretøyet, og passe på grensene for tillatt aksellast eller tal på passasjerar. Under køyring må vi følge trafikkreglar og krav til trygg køyring. Sikkerheita må prioriterast sjølv om vi er stressa eller forseinka.
Vegtrafikklova har reglar for køyre- og kviletid. Maksimum køyretid før pause er 4,5 timar, og maksimal køyretid per dag er 9 timar. Slike reglar er viktige for at vi kan køyre sikkert. Digitale fartsskrivarar registrerer om vi følger reglane.
Bussjåførar må sjå til at barn og skuleelevar under 15 år bruker bilbelte. Dei må òg passe på at midtgangen er fri for bagasje, og at rullestolar er fastspent.
Ved brann eller ulykker må vi sikre ulykkesstaden og varsle nødetatar. Passasjerar må evakuerast raskt.
Godssjåførar må sjekke at fraktbrevet stemmer før dei startar å køyre. I fraktbrevet står det kva lasten inneheld og korleis han skal leverast.
Lasten må sikrast godt, og ein må følge reglar for transport av farleg gods. Farleg gods er varer som medfører auka risiko for skade på liv, helse, miljø og materielle verdiar under transport. Alle godssjåførar må ha spesiell opplæring i dette.
På passasjer- og godsterminalar er det forskrifter som gjeld brann. Medarbeidarane må kjenne til nødutgangar og rutinar ved redningsarbeidet.
Vi må òg følge forskrifter for korleis vi skal handtere varer og utstyr. Vernesko er som regel påbudt. Bruker vi truck, må vi ha sjekklister for regelmessig kontroll. Det skal også vere eigne trafikkreglar for korleis vi køyrer på lageret.