Ta kontakt med digitalt@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Sammendrag av kapitlet

Kapittel 2 Marknadsplan

Kompetansemål: Du skal kunne vurdere målgruppe for ein forretningsidé og lage ein marknadsplan.

Alle verksemder (bedrifter) må ha ein forretningsidé. Forretningsideen fortel

  • kva kundar/målgruppe bedrifta rettar seg mot
  • kva behov vi vil dekke
  • kva produkt vi skal tilby
  • kva fortrinn vi har

Ei målgruppe er ein del av ein marknad. Det kan til dømes vere kvinner over 30 år som har behov for litt luksus i kvardagen. Eller det kan vere menn mellom 18 og 50 som er interessert i elektronikk. Å dele opp marknaden på denne måten, etter kjønn, alder, interesse osv., kallar vi marknadssegmentering.

Ofte må vi gjere ei marknadsundersøking for å finne målgruppa og behovet. Vi kan til dømes intervjue folk vi meiner er i målgruppa, eller vi kan lage ei spørjeundersøking.

Fortrinna gjer at vår bedrift har noko spesielt og skil seg ut frå konkurrentane. Eit fortrinn kan til dømes vere at vi tilbyr hovudbotnsmassasje og ikkje berre vanleg hårklipp. Eller det kan vere at vi har kontakt med ein produsent i utlandet og kan tilby produkt som ikkje konkurrentane har.

Kvart år må vi lage ein marknadsplan. Han beskriv kva som er situasjonen for bedrifta, kva mål vi vil nå i løpet av året, og korleis vi skal nå måla.

Marknadsplanen har fire delar: Situasjonsanalyse, marknadsmål, marknadsstrategiar og handlingsplan.

MS 2_1 Marknadsplan.jpg

Først lagar vi situasjonsanalysen. Korleis er økonomien i bedrifta, kor godt er produktet, bør produksjonen bli meir effektiv? Det kallar vi interne arbeidsvilkår. Så må vi sjå på dei eksterne arbeidsvilkåra. Det handlar om samfunnet og marknaden rundt oss: Har vi fått nokre nye konkurrentar? Har tollreglane eller kronekursen endra seg?

Dette bruker vi til å lage ein SOFT-analyse. SOFT står for

  • strenghts (styrkar)
  • opportunities (moglegheiter)
  • faults (svakheiter)
  • threats (truslar)

Vi kan til dømes ha som styrke at vi er gode i nettdesign, slik at vi har moglegheit til å nå nye målgrupper. Men kanskje vi går på skule og ikkje har tid til å drive så mykje med bedrifta. Det kan vere ei svakheit. Ein trussel kan vere ein ny konkurrent som har dukka opp, og som har billigare produkt enn oss.

Måla er som regel økonomiske mål. Det kan vere kor stort overskot vi ønsker på budsjettet, eller kor stort sal vi ønsker å ha. Kanskje er planen at vi må investere og ikkje får noko overskot dette året. Men likevel ønsker vi å auke salet med 5 %.

Deretter vel vi marknadsstrategiar – korleis skal vi no måla våre? Vi tek utgangspunkt i dei fem P-ane:

  • produkt
  • pris
  • plass
  • påverknad
  • personale

Det kallar vi òg konkurransemiddel. Skal produktet vårt forbetrast? Er prisen rett? Bør vi satse meir på netthandel og mindre på butikk? Kan vi bruke sosiale medium for å nå målgruppa? Må vi tilsette ein person til?

Handlingsplanen er det mest konkrete dokumentet i marknadsplanlegginga. Han seier kva marknadstiltak vi skal gjennomføre i løpet av året: salskampanjar, marknadsførings-kampanjar, deltaking på messer, annonsering osv.

I løpet av året kan mykje forandre seg. Derfor er det viktig at vi følger opp marknadsplanen, og korrigerer han dersom det er nødvendig.